- seinare Gloppen Turisthotell og Gloppen hotell.
Gordon Hotell
|
Gordon Gjestetun. (Foto: A. Nybø, NRK) |
på Reed vart bygd 1882 av Elias Reed. Dette var eit framhald av det første hotell ”Victory” på Rebakken, bygd av broren Lars Reed i 1880. Hotellet har vore drive av same slekta sidan, og heiter no Gordon Gjestetun. Ei tid dreiv hotellet også passasjerbåten ”Gordon” på Breimsvatnet.
Hotell Victoria
vart bygd på Rebakken ca. 1885 av
Jacob Neumann Hammer frå Utvik. Han kom i sterk konkurranse med nabohotellet ”Hotell Gordon”, og dei to hotella dreiv konkurrerande skyssbåtar på Breimsvatnet. Hammer bygde også hotell på Skei i Jølster – ca. 1 km. sør for sentrum. Dette vart seinare selt og flytta som tilbygg til familien Skrede sitt
Skei Hotell. Hammer gav etter få år også opp hotelldrifta på Rebakken. Hotellbygningen vart i 1899 kjøpt av Arne Myklebust og flytta til Sandane, der det no står i Øyravegen 7.
- seinare Hotell Egge.
Hotel Gloppen
bygd ca. 1890 av
Marie J. Dombestein, som også dreiv bakeri. Ho gjekk konkurs i 1893, og Rasmus Rygg overtok, deretter broren Kristian. Hotellet med det karakteristiske tårnet vart brannskadd og rive på 1970-talet. På tomta reiste Gjensidige Sogn og Fjordane forretningsbygg i 1977.
Bondeheimen
Det som seinare vart Bondeheimen kafé og pensjonat på Sandane vart starta av Lars K. Klakegg i 1905. Han leigde tidlegare Gloppen og Bredheims Handelslag sine lokale. Dottera Karoline Litlerè utvida drifta med overnatting under namnet Bondeheimen. I 1984 vart eigedomen seld til bokhandlar Eikenæs.
Straume Hotell
i Hyen vart bygd av gardbrukar Abel Torleivson Straume kring 1910. Han heitte før han gifta seg til Straume-garden Abel Torleivsson Indre Røed, og kom frå Stårheim. Hotellet låg på garden og tente også som vanleg bustadhus. Her tok Abel Straume imot norske og utanlandske laksefiskarar. I bygslekontraktane med husmenn under garden hadde Abel fått med at husmenn ikkje kunne gå eigaren av hovudbruket i næringa ved å ta inn losjerande.
|
Sandane hotell - tidlegare Firdaheimen. (Foto: NRK) |
Firdaheimen
- pensjonat på Sandane grunnlagt 1927 av Ludvig Gåsemyr. Vart drive av same slekta fram til Indremisjonen tok over i 1964. Etter fleire eigarskifte heiter verksemda Sandane hotell AS.
Gjesteheimen
på Byrkjelo, vart starta av Torolv Hjelle i 1933.
Nesholmen leirstad KFUK-KFUM
ved Storfjorden i vestre Hyen vart bygd av Norges Kristelege Ungdomsforbund i 1949, etter opptakt frå
Anders Hjorteset. Først eigd av Nordfjord krins, men frå 1969 vart Sunnfjord krins medeigar.
Byrkjelo Camping
vart starta like før 1950 Anders Bjørkelo, og var såleis ein av dei første campingplassane i fylket. Svigerdottera Petra Hole overtok i 1960 og bygde i alt 10 campinghytter dei neste åra. I 1990 overtok sonen Anders Bjørkelo jr. I 2006 har campingplassen 10 hytter og 60 oppstillingsplassar for campi9ngvogner. På friarealet er det m.a. bygd symjebasseng.
Frøystad Pensjonat
på Breim, grunnlagt 1953 av Karl Frøystad. Pensjonatet hadde 30 gjesterom. Etter at det vart lagt ned som pensjonat, vart det ei tid nytta som asylmottak.
Hyen Turistsenter
1974, sjå
Forretningsfamilien Rønnekleiv, 1919.
Gloppen hotell
- sjå
Sivertsens Hotell på Sandane.
Columbus Turistsenter
1992, sjå
Forretningsfamilien Rønnekleiv.
starta i 1997 gardsturisme på garden sin i Kandalen ved Breimsvatnet.
Hyen Fjordsenter
sjå
Forretningsfamilien Rønnekleiv, 1919.