SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gloppen:

Fabrikkar og verkstader i Gloppen

Omtalene er ordna etter oppstartsår:

Publisert 27.02.2002 15:31. Oppdatert 17.01.2007 08:32.

Austrheim Båtbyggeri

på Sandane, grunnlagt 1860. Johan og Anton Austrheim dreiv ei tid verkstad saman, men i 1928 bygde Anton eigen verkstad. Det var eit av dei største båtbyggeria kring Gloppefjorden, som bygde fleire fiskebåtar opptil 100 fot. Då båtbygginga tok slutt, la Anton om drifta til sagbruk og trelasthandel (sjå elles "Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen").

Messingindustrien på Hestenesøyra

vart starta kring 1870 av Chornelius Eikenæs. Råstoffet var skrapmessing som han kjøpte i Bergen og Ålesund. Dei tre metallstøyperia sysselsette på 1970-talet 20 personar, og støyperia hadde ei tid 90 prosent av all norsk messingvareproduksjon. På Sandane har Sandane Metallstøyperi etablert seg med tilsvarande produksjon seinare.
– Les meir om messingstøyperia på Hestenesøyra under Historie, Hestenesøyra og Hyefjorden.

E. K. Eikenæs messingstøyperi

på Hestenesøyra. – Sjå ”Messingindustrien på Hestenesøyra ” og les meir om messingstøyperia på Hestenesøyra under Historie: Hestenesøyra og Hyefjorden.

Gabriel K. Aasebø

på Sandane, grunnlagt 1870. Produserte m.a. stålampar, lampettar og lysekruner i smijern.

Torheims Smedverkstad

på Byrkjelo vart grunnlagt i 1875 av Rasmus A. Torheim. Smeden var kjend for å lage sakser, ljåar og knivar med framifrå bet.

Skinlo Husflid og Småindustri

i Breim vart starta 1880 av Kristen E. Fløtre. Her var det produksjon av møblar, kjøkenutstyr, ski og kjelkar, og mindre ting - som dreia bollar og fat.

Sande båtbyggjeri

på Rygg vart starta 1880 av Ole J. Sande. Verksemda bygde både færingar og mindre fiskebåtar (sjå "Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen").

Tønnefabrikk

Søren Hunskår i Breim dreiv tønnefabrikk fram til 1907.

Petter Knutson Flølo

(1848-1927) frå Breim starta hesteskoproduksjon ved Storelva, men flytta i 1893 til Sandane.

Bussfabrikken på Sandane

Solheims Verkstad vart grunnlagt i 1898 av Anders J. Solheim - før bilen kom som verkstad for hestevogner.

Evebøfoss Fabrikker

vart grunnlagt av Anders Hansen. Utvik-guten Hansen hadde to gonger vore i Amerika før han i 1906 kjøpte Evebøfoss Shoddyfabrikk ved Storelva.

Nymo Bruk

på Byrkjelo vart starta 1913 av Johan Strand. I 1938 bygde verksemda eige kraftverk, starta sagbruk, og noko seinare eit høvleri. Verksemda laga både møblar og gardsreidskapar som kjerrer og hestesledar.

Søreide Prenteverk og Bokbinderi

vart grunnlagt 1915 av Ragnvald Søreide.

Gloppen Sementsteinsfabrikk

i Bukta vart grunnlagt i 1919 av Johan Lothe og Bertel Ravnestad. Overteke av Knut Sande i 1942, og sidan 1984 drive av sønene Steinar og Jarle Sande. Produksjonen av stein er lagt ned, og bedrifta har sidan drive grustak og sal av betongvarer frå andre produsentar.

Flølo-komfyren

Petter P. Flølo

dreiv frå 1920 produksjon av elektriske apparat på Sandane. Han fekk i 1926 patent på ”Flølo-komfyren”, som i tillegg til plater og steikeovn, hadde innebygd varmtvasstank. Utanom Flølo, var det i denne første ”elektrifiseringstida” produksjon av elektriske apparat på Raudeberg, Nordfjordeid og i Dale i Sunnfjord.

Mathias Ryssdal

dreiv også produksjon av elektriske varmeovnar og anna elektrisk utstyr på Sandane på 1920-talet (sjå elles Lars Ryssdal).

Flølo Fabrikker A/S

i Breim starta 1927 av Olav Flølo som garveri og fargeri. Seinare dreiv fabrikken også sko- og trekloggproduksjon.

Flølo Smed og Vognverksted

i Breim, grunnlagt 1927 av Jakob P. Flølo. Firmaet laga landbruksutstyr og snekkarmaskiner, og hadde fire tilsette.

S. Sandal Konfeksjon og Skreddarverkstad

på Sandane vart grunnlagt 1930 av Sigvard Sandal, som m.a. produserte damekonfeksjon etter eigen design. Verksemda hadde 35 tilsette. Gjekk seinare over til rein klesforretning, og produksjonsbygget i sentrum var ei tid utleigd til Fjord-Pels.

Gloppen Kloggfabrikk

vart grunnlagt på Rygg i 1932 av Alf og Bjarne Rygg. Verksemda hadde åtte tilsette. Kloggfabrikken vart driven til slutten av 1950-talet. Sidan dreiv dei to leigesaging på sagbruket sitt. Alf og Bjarne Rygg tok også over ”Knute-Ola-butikken” på Ryggøyra etter Ola Nilsson Rygg (sjå denne under Industri og næring i Gloppen, startår 1904) i 1945 og dreiv den til den vart lagd ned i 1964.

Bergheimsluken

Bergheimsluken er kjend som ein av dei beste slukane for laksefiske, og vart forma og sett i produksjon på 1930-talet av Anders N. Bergheim på Byrkjelo.

Nils Skinlo

starta 1935 skreddarverkstad på Sandane, og hadde ei tid fem tilsette.

Ragnfrid Tystad

starta 1935 systove på Sandane, og dreiv sykurs i tillegg til produksjon av damekle. Ho hadde fem tilsette.

O. Furseth Lenestolfabrikk

vart starta i Sykkylven 1941 av Olav Furseth. I 1942 vart fabrikken flytta til Sandane, og hadde opptil 25 sysselsette. Fabrikken produserte m.a. stoppa salongmøblar.

Viking Konfeksjonsfabrikk

vart starta på Sandane i 1945 av Konrad Bruaset frå Romsdal. Eigaren la seinare ned drifta og reiste til Canada, og i bygget held i dag Leif
Lothe til med elektrisk forretning.

Myklebust og Bjørnereim Bilverksted

på Byrkjelo vart grunnlagt 1946 av Johan Bjørnereim og Sverre Myklebust, frå 1950 med Bjørnereim som eineeigar. Som den første i fylket, spesialiserte Bjørnereim seg midt på 1950-talet på bilberging. I tillegg til bilberging, driv firmaet i dag bensinstasjon på Byrkjelo.

Sandane Skiverksted

på Sandane laga ski i nokre år etter 2. verdskrig. Eigar var Gudmund Søreide.

Nordfjord Møbelfabrikk A/S

vart grunnlagt på Sandane 1946 med Karl Fjellestad som sentral aksjonær. Melvin Vattøy var styrar. Fabrikken hadde åtte tilsette.

Brødrene Aa i Hyen Båtbyggjeri

i Hyen, grunnlagt 1947 av Bertel og Olav Aa. Sjå også "Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen".

Solglimt Trykkeri

på Sandane. Grunnlagt 1948 av Vestlandske Vanførelag og lokale vanførelag etter initiativ frå Arne K. Eide. Omskipa til A/S i 1966. Bygde trykkeribygning i Bukta 1967. I 1977 overteke av dei tilsette saman med kommunen. I 1980 vart trykkeriet overteke av avisa Firda Tidend.

Vestlandske Salslag

bygde i 1954 slakteri på Austrheims-øyra. Slakteriet var i drift til 1964.

Oddmund Austrheim

dreiv snekkarverkstad på Sandane 1955 – 1975, og hadde 3-4 tilsette. Frå 1991 har lokala vore utleigde til Sandane Metallstøyperi (sjå "Messingstøyparane").

Zerwekh & Co. Konfeksjonsfabrikk

på Sandane, vart grunnlagt 1957 av Paul Zerwekh. Familien kom frå Ørsta. Verksemda vart utvida 1973, og hadde opptil 40 tilsette. Eigen produksjon er nedlagd, men verksemda driv omsetning av klær.

Bolseth Glass

vart grunnlagt på Sandane i 1961 av Magnus Bolseth frå Jølster.

Brødrene Eikenes Metallstyperi

på Hestenesøyra vart skipa på 1960-talet då Kornelius Eikenes og sønene hans braut ut av familieverksemda E.K. Eikenæs (sjå over, startår 1870) og starta sitt eige metallstøyperi. Verksemda vart lagd ned i 2000. – Les meir om messingstøyperia på Hestenesøyra under Historie: Hestenesøyra og Hyefjorden.

Nesjane Suvenir og Brukskunst

vart skipa i 1965 av Per Hestenes, brørne Ola og Jakob Hestenes og Ingebrigt Eikenes. Verksemda hadde opptil 10 tilsette, men vart lagd ned i 2001. – Les meir om messingstøyperia på Hestenesøyra under Historie: Hestenesøyra og Hyefjorden.

YVI (Yrkesvalhemma Industri)

vart starta på Sandane 1970. Her har opptil 40 yrkesvalhemma fått arbeid med ulik produksjon. Verksemnda har seinare endra namn til L/L Sandane Industri.

Sandane Metallstøyperi

- sjå Messingstøyparane, 1870.

Fjord-Pels

vart starta 1973 etter initiativ frå dåverande disponent i Gloppen Pelsdyrforlag, Kristoffer Rygg.

Sunde Konfeksjon

i Olden hadde på 1970-80-talet ei større produksjonsavdeling på Sandane. Ei tid dreiv Sunde også ei mindre avdeling på Byrkjelo. Sunde Konfeksjon gjekk konkurs 1989, og drifta i Gloppen vart innstilt.

Strukturplast AS

vart skipa på Sandane i 1982 av Dagfinn Svangtun og Trygve Andenæs.

Teknisk Modellsenter A/S

i Hyen, grunnlagt av siv.ing. Ola Lilloe-Olsen i 1983 . Har eigen modelltank for testing av båtskrog m.m. (sjå "Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen").

Mona Arbeidssenter AS

ei verna industriverksemd, vart skipa i 1990 med 17 tilsette.

Gloppen Mek. Verksted AS

grunnlagt på Sandane i 1997 av Svein Aasemyr.

Mona Vekst

- sjå Mona Arbeidssenter AS.

Nordfjord Skifer AS

på Breim vart skipa av Sverre Anton Sunde frå Jølster i 2000. Verksemda bryt ut skifer og muringsstein i Sagefloten, og hadde i 2006 fem tilsette.
Sunde har også eigedomar i industrifeltet på Fossheim i Jølster.

Fiskå Mølle

sjå Gloppen Mek. Verksted AS

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no