SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gloppen:

Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen

Slike storbåtar vart mellom annan nytta til kyrkjeferd på Gloppenfjorden. Rekonstruksjon frå 1992. (Foto: Asle Veien, NRK)
Slike storbåtar vart mellom annan nytta til kyrkjeferd på Gloppenfjorden. Rekonstruksjon frå 1992. (Foto: Asle Veien, NRK)
Heilt frå uminnelege tider har det vore ein sterk båtbyggjartradisjon kring Gloppefjorden og i Hyen. Dei tre båttypane var jekter, skuter og robåtar i ulike storleikar.

Publisert 27.02.2002 12:12. Oppdatert 05.01.2006 11:40.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Nordfjordbåten

– ofte kalla Gloppe-færingen – vid i rommet og sterkt avsmalna bak – er ein av dei eldste kjende robåt-typane på Vestlandet. Nordfjordbåtane vart bygde i fem storleikar: Færing med fire årar, seksring med seks årar, firæring med åtte årar, femkeiping med 10 årar, og den største; sekskeipingen med 12 årar og ei lengde på vel 11 meter. Dei største båttypane vart m.a. nytta til kystfiske, byferder, høyberging frå utslåttene langs strendene, og som kyrkjebåtar. Fram til midten av 1800-talet vart det nytta vanleg råsegl på Nordfjordbåtane, men frå kring 1850 kom det asymmetriske sneiseglet som også vart nytta på Sunnmøre, i vanleg bruk i Nordfjord.

Kring heile Gloppefjorden var det på 1800-talet verkstader som bygde både robåtar og større jekter og fiskebåtar. Av dei 75 jektene som i 1845 fanst i heile Nordfjord, var 39 bygde i Gloppen. På fire år på 1850-talet vart det bygd 600 mindre båtar og litt større ”skuter” i Gloppen, og 50 gardbrukarar hadde dette som ei lønsam attåtnæring.

Jektene

Holvikjekta.
Ei av dei siste jektene som vart bygde i Gloppen, var Holvikejekta i 1881. Den vart bygd av ein av dei mest kjende jektebyggjarane, Jakob Apalset. Holvikejekta hadde berre få turar til Bergen før den vart sett på land som museumsgjenstand, og danna på mange vis grunnstammen i samlingane då det vart vedteke at Nordfjord Folkemuseum skulle byggjast på Sandane. Jekta står i dag utstilt i eige bygg på Austrheim. (Sjå meir under Nordfjord Folkemuseum.)I 1895 vart den siste jekta bygd i Gloppen.

Skutene

Den tredje båttypen som vart bygd i Gloppen, var skutene – også kalla jakter. Dei var mindre enn jektene – berre 18 alner, men var djupe og breie og kunne bere mykje last. Skutene var utstyrte med bomsegl og hadde eit mannskap på to mann. Ofte vart skutene sigla med last til Bergen før dei vart selde til strilar eller bergenskjøpmenn som nytta dei som føringsbåtar på hamna.
Segla var laga av ull eller kvit vadmål og sett saman av fleire bitar.
Framme i Bergen vart tråkletråden i segla dregen ut, og dei einskilde bitane selde i stuar for bruk til klede.
Mannskapet som selde skuta, fekk ”haik” heim att til Nordfjord med jektene. Dersom skuta vart seld til førsleskute kring byhamna, tok seljarane ofte med seg ror, mast og årar heimatt for å kunne nytte det på ei ny skute som ein gong seinare skulle same vegen til kjøparar i by’n. Skutebygginga i Gloppen heldt seg til fram på 1870-talet.

Fiskebåtar

Dei fleste båtbyggjarane på 1800-talet fann ein på Sørstranda, men både der og på Austrheim har båtbyggjartradisjonane vorte haldne i hevd til denne tid. To av dei største båtbyggeria på 1950-1960-talet var Sande Båtbyggjeri på Rygg og Austrheim Båtbyggeri på Austrheim. Det sistnemnde bygde på 1960-talet fiskebåtar opptil 100 fot.

Sjå også:
· Brødrene Aa i Hyen

under Fabrikkar og veerkstader i Gloppen.

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no