SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gloppen:

Evebøfoss Fabrikker

Evebøfoss Fabrikker vart grunnlagt av Anders Hansen. Utvik-guten Hansen hadde to gonger vore i Amerika før han i 1906 kjøpte Evebøfoss Shoddyfabrikk ved Storelva, samt halve fossefallet.

Publisert 27.02.2002 14:06. Oppdatert 01.11.2005 11:07.
FAKTA: Shoddy
  • Shoddy er tekstilavfall av ull og bomull.
  • Shoddy vert nytta som stopp i madrasser, ullteppe, dyner, filt og møblar.
  • Mykje av råstoffa vart kjøpt frå utlandet, særleg Italia og Storbritannia.
  • Shoddyen vart selt både til norske ullvarefabrikkar, og eksportert.
  • Her hadde kjøpmann Anton Skarstein og Elling Viken drive fabrikk sidan 1888, og hadde 11 personar i arbeid. I Storelva bygde Hansen kraftverk i 1909, som i tillegg til å forsyne fabrikken med kraft, også leverte straum til abonnentar i Sandane sentrum. Ved sida av Vadheim og Stongfjorden, var dette første straumleveransen til vanlege hushald i Sogn og Fjordane.

    I 1910 la Anders Hansen om drifta frå shoddy til ullvarefabrikk, og starta saman med eldstesonen Hans A. Hansen Evebøfoss Ullvare-fabrikk. Grunnleggjaren døydde i 1915, og sonen Hans A. Hansen tok over leiinga av verksemda. I 1924 kjøpte han tomt på Elvaneset og bygde stor fabrikk under namnet ”Evebøfoss Fabrikker”.

    I 1947 skipa tredje generasjon under leiing av Anders H. Hansen Evebøfoss Trikotasjefabrikk A/S. Etter kvart sysselsette fabrikkane vel 100 personar, og vart den største arbeidsplassen i Gloppen.

    Verksemda vart hardt råka av krisa i teko-industrien på 1970-talet, og gjekk konkurs i 1974. Verksemda kom i gang att med 80 tilsette under namnet Evebøfoss A/S, og med hjelp frå kommunen flytta Evebøfoss frå Elvaneset til nye industrilokale i Mona i 1978. Fabrikken vart nedlagt på slutten av 1980-talet.

    MEIR OM GLOPPEN 
    Gloppen kommune

     
    Aviser og media i Gloppen
    Historia i Gloppen
    Industri og næring i Gloppen
    Kjende personar i Gloppen
    Kommunehistoria i Gloppen
    Krigshistoria i Gloppen
    Kyrkjer i Gloppen
    Samferdsle i Gloppen
    Skular i Gloppen
    Verd å sjå i Gloppen

     
    Lyd frå Gloppen
    Video frå Gloppen
    SE OGSÅ

    Finn fram i Fylkesleksikonet!
    Vel ein kommune:
    Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    SØK I LEKSIKONET
    Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
    ABCDEFGHIJKLMNO
    PQRSTUVWXYZÆØÅ
    Informasjon
     
    SØK I FYLKESLEKSIKONET
    Informasjon
    ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

    Harald Hårfagre var sogning

    Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

    Slaget i Sildagapet i 1810

    Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

    Då fiskedampskipa stakk til havs

    Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

    Nydyrkingskommunen Jølster

    Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

    Ei mellomalderkyrkje langt til havs

    I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

    Sjalu tenestejente drap gardkona

    Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

    Få nazistar i Sogn og Fjordane

    Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

    Den heimekjære amtmannen

    I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
    Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no