SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Hyllestad - Fiskeri

Sildefiske med landnot

Sildefangst på Selvika kring 1930. (Foto © Fylkesarkivet)
Sildefangst på Selvika kring 1930. (Foto © Fylkesarkivet)
I dei fleste bygder i Hyllestad var det i eldre tid mange notbruk og båtlag. Mest alle gardane i Skifjorden og Åfjorden eigde registerte sildegarn kring 1750.

Publisert 27.02.2002 14:28. Oppdatert 12.08.2002 09:51.
Skivenesvågen ut mot kystleia var ein svært god kastevåg for landnot under sildefisket. Mussafisket hadde også stort omfang.

Viktig næring

Sildefiske i Sørbøvåg like før 2. verdskrig. (Foto © Fylkesarkivet)
I 1868 er det registrert 189 fiskarar frå Hyllestad på vårsildfisket, og i dei gode åra for sildefiske på 1920-talet var det registert kring 165 fiskarar i Hyllestad.

I 1881 er Rognald Knutson Skivenes (1822-1886) registrert som styrmann på ein båt med seks mann som deltok i torskefiske på Sunnmøre. Ole M. Bjørnstad dreiv sildemottak og saltebu i Skifjorden, og i 1892 bygde Jon Hansen Gaugstad ei stor saltebu med landhandel og 30 meters kai på Laberget.

Over til snurpenot

Notlaget i Leirpollen var truleg det første i kommunen som tok i bruk snurpenot tidleg på 1900-talet (sjå elles om snurpenot under Flora kommune: "Ny oppgangstid i sildefisket"). På same tid vart dei fleste landnotlaga avvikla.

Men vinteren 1929 stengde landnotbruket til Gerhard Skivenesvåg inne kring 100.000 hektoliter sild i ein våg på Stroka i Værlandet. Det vert fortalt at dei auste opp sild frå stenget langt ut på våren.

I toppåra kring 2. verdskrig var det 15-20 notbruk i Hyllestad som dreiv sild- og brislingsfiske. I brislingsesongen var kring 100 mann frå kommunen opptekne med fiske.

MEIR OM HYLLESTAD 
Hyllestad kommune

 
Aviser og media i Hyllestad
Historia i Hyllestad
Industri og næring i Hyllestad
Kjende personar i Hyllestad
Kommunehistoria i Hyllestad
Krigshistoria i Hyllestad
Kraftforsyninga i Hyllestad
Kyrkjer i Hyllestad
Samferdsle i Hyllestad
Skular i Hyllestad

 
Lyd frå Hyllestad
Video frå Hyllestad
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no