SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gloppen - nye og gamle bygdesentra:

Ryggøyra

Frå Gimmestad i 1930. Johan Rygg (t.h.) dreiv drosje- og busskøyring på Sørstranda. (Foto © Fylkesarkivet)
Frå Gimmestad i 1930. Johan Rygg (t.h.) dreiv drosje- og busskøyring på Sørstranda. (Foto © Fylkesarkivet)
Frå gamalt har det vore handelsstad på øyra, der det midt på 1700-talet også var ølutsal.

Publisert 27.02.2002 14:47. Oppdatert 07.03.2002 21:22.
På Ryggøyra står eit gamalt steinkors på ein haug som tidlegare kan ha vore ein gravhaug. Korset er eit såkalla ”kelterkors”, og kan vere reist på haugen alt før Noreg vart kristna kring 1000-talet.

Bygdesenter

Ryggøyra utvikla seg kring år 1900 til å bli bygdesenteret på Sørstranda: Dette hadde samanheng med at dampskipsekspedisjonen kom i 1888. I 1889 fekk staden postopneri. Det var lenge det nest største postdistriktet i Gloppen, med over 500 menneske. Før kaia kom i 1920, nytta ein såkalla ”storebåt” ut til dampen. Ekspedisjonen vart lagt ned i 1972. På Ryggøyra vart det bygd både ungdomshus, losjehus og bedehus.

Næringsliv

Det etablerte seg fleire handelsmenn: Den første som kom var Johan Lothe kring 1900. ”Lossbutikken” tok imot smør, og ikkje minst mykje blåbær, som vart sendt vidare til Bergen og England . På same vis som i Markane og Hornindal (sjå Stryn kommune og "Bærplukking i Hornindal"), var plukking av villbær ei viktig attåtinntekt for gardbrukarane frå kring 1900 og fram til 1960-talet. Butikken vart driven til 1974. Dette var siste butikken på Sørstranda.
I 1904 kom ”Knute-Ola”-butikken, som dreiv til 1945. Alf og Bjarne Rygg, som hadde starta Gloppen Kloggfabrikk på Ryggøyra i 1932, tok ei tid over og dreiv butikken til 1964. Kloggfabrikken gjekk til slutten av 1950-talet, og sidan dreiv Rygg-brørne med leigesaging.

Buss og drosje

Johan Rygg dreiv i mange år eigne bussruter på Sørstranda. Han hadde også drosje. Firda Billag overtok dei to bussane og rutedrifta i 1972.

Fiskeoppdrett

I 1985 bygde Rødeggen Settefisk stort smoltoppdrett ved Ryggelva, som renn ut på Ryggøyra. Anlegget er no eigd av Hyen Laks.

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no