SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Krigshistoria i Hyllestad

Løytnant Kaufmann (t.h) og oppassar Meyer var stasjonert på Eide. Dei ville gjerne bli fotografert med ein laks i hendene. Denne ruggen er det Johannes Eide som har teke i nota si. I bakgrunnen er kloggfabrikken og kvernhuset. (Foto © Fylkesarkivet)
Løytnant Kaufmann (t.h) og oppassar Meyer var stasjonert på Eide. Dei ville gjerne bli fotografert med ein laks i hendene. Denne ruggen er det Johannes Eide som har teke i nota si. I bakgrunnen er kloggfabrikken og kvernhuset. (Foto © Fylkesarkivet)

Publisert 28.02.2002 12:42. Oppdatert 10.03.2006 14:33.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Vete på Hatløyna

Under den store nordiske krig i 1707 vart det reist ein vete på Hatløyna. Denne gjekk inn i det militære varslingssystemet langs norskekysten. Øya vert til vanleg kalla Sakrisøyna etter gjestgjevaren i Korssund (sjå Fjaler kommune), Sakarias Mikalson Beck, som på 1600-talet eigde øya og nytta den til beite.

Ekserserplass i Leirvik

Frå tidleg 1700-tal var det ekserserplass på Utstillingsplassen ved Bøaelva i Leirvik (sjå Offisersgarden i Leirvik). Den meste kjende offisersfamilien var Holck-slekta, som kom til Leirvik i 1745, der Ole von Holck kjøpte gard. Fleire av Holck-ane var kommandantar for Vestre Ytre Sognske Kompani. Også andre gardar kring Leirvik vart kjøpte av offiserar som tenestegjorde der.

600 tyske soldatar

Under andre verdskrig bygde tyskarane i 1941 ein leir for eit infanterikompani i Hyllestad og ved Løland bru. Ortskommandandanten hadde kvarter i Hyllestad. I 1943 vart det bygd leirar i Leirvik og på Eide ved Sørefjorden. Den siste leiren var utstyrt med "Schärenschnellboote" – skjærgardsbåtar. Elles var det innkvartert soldatar i svært mange bustadhus i heile kommunen.

Den tyske aktiviteten i Hyllestad nådde høgdepunktet i 1943, då det var stasjonert 600 soldatar i Hyllestad.

Brakkeleirar

Totalt bygde tyskarane kring 100 brakker og småhus i kommunen. Etter krigen vart brakker på Myrgjerdet m.a. nytta til møbelfabrikk, kommunale kontor og brannstasjon. Andre brakker i kommunen vart selde – m.a. 21 til Finnmark. Tre ungdomslag i kommunen fekk overta brakker til ungdomshus. Ei brakke frå Løland vart nytta til skulehus i Sørefjorden, ei anna til bustadhus i Leirvik. Den siste brakka vart riven på 1990-talet.

Lensmannen vart avsett

Lensmann Kaare Brevik vart avsett av tyskarane i 1943 og erstatta av ein meir venlegsinna, som vart fjerna ved freden i 1945.

Under aksjonen mot Bjørn West vart det m.a. sett inn soldatar stasjonerte i Hyllestad (sjå og under Harald Risnes).

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".

Nesje fort

Tidleg i andre verdskrig bygde tyskarane eit av dei største festningsverka på Vestlandskysten: Nesje fort, eller "Sognefjord", som tyskarane kalla det. Fortet ligg vest for Rysjedalsvika. Saman med dei store anlegga med torpedobatteri på Rutletangane på sørsida (sjå Gulen kommune) skulle fortet vakte innløpet til Sognefjorden. Tyskarane hadde hastverk med å forsvare innløpet til Sognefjorden, for alt hausten 1940 vart tre kanonar frå det norske panserskipet "Tordenskjold" rigga til på Nesje. "Tordenskjold" var bygd i 1897, og det gamle skipet låg i opplag ved marinebasen i Horten då tyskarane invaderte Norge. Dei gamle kanonane vart skifta ut med nye i 1943. I 1941 bygde tyskarane ut fleire kanonstillingar, fjellanlegg og brakkeleiarar på Nesje og hadde kring 216 offiserar og soldatar stasjonerte der.

Folka på garden Nesje måtte flytte, og fekk ikkje kome tilbake før i 1945.

Eit minebelte sperra det meste av innløpet til Sognefjorden. Berre like oppunder land på nordsida var det mogeleg å passere. Passasjen vart strengt vakta frå fortet.
(Høyr radioreportasje øvst på sida.)

Skyteulukka 1941

I juni 1941 vart minst 13 tyske soldatar drepne ved ei skyteulukke under øving i ei av kanonstillingane på Nesje fort. Soldatane var urøynde. Truleg var ikkje kanonen skikkeleg stengd då den vart avfyrt, og ladninga eksploderte i kanonstillinga. Ei marmorstøtte til minne om dei omkomne står framleis på fortet, men nazisymbola på steinen er fjerna.

Ved ei øving i 1943 vart ein tysk soldat drepen då han gjekk inn i eit minefelt. To andre vart skadde.

Det norske kystartilleriet tok over Nesje fort i 1945. Dette var det einaste festningsanlegget i Sogn som det norske forsvaret ville bruke etter krigen. Fram til 1951 var det eit fullt oppsett kystbatteri, og frå 1952 låg det under HV 10, Fjordane Heimeverndistrikt. I 1958 vart kanonene fjerna, og sidan har Nesje berre vorte brukt som øvingsleir.

Brenning-mysteriet

Egil Ulateig skreiv bok om Brenning-mysteriet.
I februar 1943 vart brørne Arthur og Hjalmar Brensdal frå garden Brensdal aust for Leirvik sporlaust borte. Med båten sin "Brenning" skulle dei skysse ein deserterande tysk soldat og ei gift norsk kvinne frå Korssund til ein ukjend stad i Førdefjorden.

Rømlingane dukka seinare opp i Sverige. Først i 1976 vart vraket av skyssbåten "Brenning" funnen ved Jøringbøfjellet i Førdefjorden. – Sjå meir: ”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne.

Krigsfangar

Frå freden 8. mai til september vart fleire leirar i Hyllestad nytta for å huse omlag 500 krigsfangar frå dei tyske styrkane i Bergen. før dei vart sende tilbake til Tyskland.

Falne og omkomne frå Hyllestad



Folk frå Hyllestad i tysk fangenskap




MEIR OM HYLLESTAD 
Hyllestad kommune

 
Aviser og media i Hyllestad
Historia i Hyllestad
Industri og næring i Hyllestad
Kjende personar i Hyllestad
Kommunehistoria i Hyllestad
Krigshistoria i Hyllestad
Kraftforsyninga i Hyllestad
Kyrkjer i Hyllestad
Samferdsle i Hyllestad
Skular i Hyllestad

 
Lyd frå Hyllestad
Video frå Hyllestad
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no