SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gloppen - nye og gamle bygdesentra:

Vereide og Apalset

Funn frå yngre steinalder på Vereide: Halsring, armband og deler av spenner. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Funn frå yngre steinalder på Vereide: Halsring, armband og deler av spenner. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Få stader i Nordfjord er det gjort rikare fornfunn enn på Vereide. Ved prestegarden står m.a. ein fem alner høg bautastein.

Publisert 28.02.2002 15:33. Oppdatert 16.02.2004 14:02.
I folkevandringstida budde ei mektig hovdingætt på Vereide. Store gravhaugar vitnar om busetnad heilt tilbake til år 300 e. Kr.

Stormannen Eystein på Vereide som levde kring 1400, skal vere stamfar til ”Augustinus-ætta” (iflg. J. Åland). Han åtte store jordgods.

Vereide kyrkje

Vereidekyrkja frå 1200-talet var ”fjordungskyrkje” (hovudkyrkje) i Nordfjord. Steinkyrkja vart bygd så stor avdi ho var soknekyrkje for store deler av midtre og indre Nordfjord (sjå "Kyrkjer i Gloppen"). På prestegarden står framleis den staselege hovudbygningen frå 1780-talet, bygd av Ola Haugen frå Eid (sjå denne under "Kjende personar i Eid fødde år 1700-1800").

Handel

I Korsvika ved sjøen hadde lensmannen gard på 1600-1700-talet. Han dreiv også gjestgjeveri og handel kring 1720.

Nokre av gjestgjevarane her var Jens Berentson Balchen (1636–1721) og sonen Berent J. Balchen (1684–1754).

Gloppekompaniet hadde eksersisplass på Vereide på 1700-1800-talet, og kommandanten budde på Apalset (sjå nedanfor). Wittrupane eigde også Korsvika ei tid. Korsvika er det kvite, to-etasjes huset som ligg i bakken aust for sandtaket ved gamle europaveg på Vereide.

Verksemder ved fjorden

Nede ved sjøen dukka det tidleg opp annan handel og verksemd: Alt i 1865 dreiv Mathias Øysteinson bokbinderi og bakeri her, og på same tid dreiv Erik Arneson Rye stor handel med fe og kjøt. I 1906 starta Samson Vereide landhandel og bakeri. Telefonstasjonen opna i 1915 (nedlagd 1969), og posten i 1949. På Kyrkjeberget vart det i 1925 bygd kai som avløyste ordninga med å ro folk og varer til Fylkesbaaten ute på fjorden. Båtrutene på Vereide varde til 1970. Ved sjøen ligg også Wall Svarstad sitt sagbruk, og eit sandtak.

I 1938 overtok Albert E. Vereide Erik Arneson Rye sitt slakteri, og utvida verksemda m.a. med avdeling på Sandane, seinare ”Vereide Matsenter”, som vart ei av dei største matvareforretningane i kommunen. På Vereide driv firmaet framleis produksjon av kjøtvarer. Broren til Albert Vereide, Per, starta Vereide Gartneri i 1937. Dette har vore driva av familien sidan.

Skule

I 1923 bygde misjonsfolket i Nordfjord ”Nordfjord Folkehøgskule” (sjå "Skular i Gloppen") på Vereide.

Nabogarden Nybø vart i 1665 lagt ut som ”presteenkjegard” for Lisbet Absalonsdatter. Siste presteenkja som budde på Nybø flytta i 1829. Seinare vart den brukt også som gard for kapellanen. På garden står kjempegrana ”Nybø-grana” på 35 meter.

Styre og stell på Apalset

I 1657 busette sorenskrivaren i Nordfjord, Søfren Christenson Wittrup (1619–1669), på Apalset. Frå 1768 budde kommandanten for Gloppekompaniet på Apalset. Frå 1813 og nokre år var garden igjen tilhald for sorenskrivaren i Nordfjord.

Etter at Gloppen vart kommune i 1837, vart kommunestyremøta i mange år haldne på Apalset.

Amtsskulen på Apalset var fylkets første amtsskule, og heldt til på Apalset frå starten i 1876 til den vart flytta til Innvik i 1886.

På Apalset budde også brørne Jakob (1840-1912) og Andreas (1846–1913) Apalset, som var kjende jektebyggjarar. Dei bygde m.a.”Holvikjekta”, som i 1905 vart sett på land på Austrheim og gjort til museum.

Vereide. (Foto: Arild Nybø, NRK)


MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no