I dei einbølte grendene kring Hyefjorden og på Hestenesøyra oppsto det kring 1760 ei pietistisk, religiøs gruppe som skilde lag med kyrkja.
Dette kan truleg ha sin grunn i at den harde presten
Gabriel Heiberg (Gloppen) var prest i Gloppen på den tida. Biskop
Fredrik Arentz fortel i 1765 at gruppa talde 23 personar,og hadde vist ”separatistisk Sind og Foragt for den ordentlige Altergang”. Også amtmann Joachim de Knagenhielm blanda seg bort i saka og tok folk inn til avhøyr i 1864, men overlet til biskopen å reagere. Biskop Arentz tok gruppa til avhøyr på prestegarden i Gloppen, men forsto at dei ikkje let ”sig bringe til rette”. Han vart også imponert over bibelkunnskap og gudsfrykt i flokken. Prosessen mot separatistane i Nesjane let til å døy ut etter dette, utan at det vart reist rettssak.
|
Hans Nielsen Hauge. |
Det er mykje som peikar ut ei bein line frå denne religiøse gruppa kring 1760, og til haugianarane kring Jon Hyenes – Skule-Jo – omlag 80 år seinare.
Hans Nielsen Hauge vitja tilhengjarar i bygdene kring Hyefjorden minst tre gonger, første gong i 1799. På ei ferd i 1802 heldt han møte hos Ola Jonson Hyenes i Hyeneset, som hadde vore med i separatist-flokken tidlegare.
Skulane
- sjå om striden kring Skule-Jo under
Jørgen Meier Heffermehl.
Den lågkyrkjelege verksemda har vore eit særdrag for bygdene kring Gloppefjorden heilt til nyare tid. Dette fekk m.a. utslag i striden kring
Jakob Hjelmeset sin ”friskule” i 1875, lærar
Elias Melvær ved amtskulen i 1886, og ”mottrekket” med den kristelege folkehøgskulen på Vereide i 1923 etter at m.a. dei frilynde ungdomslaga hadde fått skipa
Firda gymnas i 1922. (Sjå meir om dette under "
Skular i Gloppen").