SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gloppen:

Heksene på Vora

Vora i vinterdrakt. (Foto: Torje Bjellaas, NRK)
Vora i vinterdrakt. (Foto: Torje Bjellaas, NRK)
Over Myklebustdalen i Breim kneisar det stupbratte fjellet Vora på 1435 m.o.h. På same vis som Hornelen i ytre Nordfjord, hadde Vora ord på seg for å vere fjellet der heksene samlast til sabbat.

Publisert 01.03.2002 14:38. Oppdatert 16.12.2003 12:01.
Etter ein rettsprosess på 1600-talet vart tre kvinner – Ragnhild Myklebust, Lussi Hole og Brite Veiteberg brende som hekser. Dei var alle skulda for å ha teke del i heksesabbat på Vora saman med andre namngjevne hekser frå Nordfjord og Sunnfjord. Der hadde dei møtt Djevelen, og Jon Andersson Teita frå Breim hadde spela tromme.

Ragnhild og Lussi hamna på bålet i 1663. Men Brite Veiteberg forklarte at ho hadde vorte lokka til å setje seg på sopelimen til Ragnhild Myklebust for å fly til Vora. Men Ragnhild vitna imot henne, truleg som ein hemn for eitt eller anna. Etter harde forhøyr og ei lang rettsak, vart også Brita brend i 1664.

Sunneve Torsdotter Øvreset slapp billegare då ho i 1645 vart skulda for å lækje folk med å ”læse udi salt og ulltraad”. Ho vart dømd til landflyktighet, elles ville ho bli halshoggen.

Jonsoknatta 1658 vart Gjertrud Andersdotter Hunskår frå Breim halshoggen for hekseri. Ho skulle ha sendt ein svart hund rundt i gardane om natta for å bite folk og krøter slik at dei vart sjuke.

I 1681 vart Anne Øvreset frå Breim dømd til døden for hekseri. Ho skulle ha brukt trolldomsmakt og mana livet ut av Guri Hansdotter Øvreset etter ein krangel på støylen.

Hekseprosessane gjekk føre seg i tidsromet frå ca. 1580 og fram på til ca. 1710. I denne perioden vart 65 personar tiltala for hekseri i Sogn og Fjordane (sjå også under Absalon Pedersøn Beyer om kona Anne Pedersdotter (Beyer).

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no