|
Tine Meieriet Vest sist anlegg for konsummjølk på Byrkjelo har 55 tilsette. (Foto: NRK) |
Gjennom tida har jordbruksnæringa generert mange arbeidsplassar i foredlingsindustri: Evebøfoss Ullvarefabrikk (
Evebøfoss Fabrikker) tok på same vis som t.d.
Indviken Uldvarefabrikk imot ull og leverte ferdigvarer tilbake.
Forholdsvis store meieri på Byrkjelo, Reed og Sandane foredla mjølk frå ku og geit.
|
Nedre Breim Meieri på Reed |
Møller
På Sandane låg
Gloppen Mølle og på Breim Urheim Mølle, som hadde leigemaling av korn frå store deler av Nordfjord. Ei tid dreiv også det bondeeigde Gloppen Fruktpakkelag produksjon av fruktkonserves på Sandane (Dette anlegget vart seinare start-lokalet for pelsdyrfòrkjøkkenet).
Frukt og bær
I 1956 tok Gloppen Fruktpakkelag i bruk eige lager og pakkeanlegg på Katahamrane på Sandane. Frå hundreårsskiftet og fram på 1950-talet var plukking av skogsbær ei viktig attåtinntekt for folk i dei indre bygdene i Nordfjord: I Gloppen administrerte kjøpmann Kristen Søreide Nordfjord Bærlag, som eksporterte både skogsbær og hagebær til England, og leverte til marknaden i Bergen. Dette bærlaget var i verksemd til ut på 1950-talet. Også kjøpmann Johan Lothe på Ryggøyra tok imot hage- og skogsbær for vidaresal til Bergen. Frå Hornindal eksporterte den kjende ”Blåbærkongen”
Rasmus K. Grodås mykje skogsbær til England, og frå 1911 var mottak og utskiping av blåbær ei av hovudoppgåvene for A/S Markenes Handelslag på Faleide i Stryn.
Store på pelsdyr
Pelsdyrnæringa gav arbeid til Pelsingssentralen. Det store pelsdyrfôrkjøkenet som
Gloppen Pelsdyrfôrlag bygde i 1961, leverer pelsdyrfôr til store deler av fylket. I 1973 gjorde også dotterselskapet
Fjord-Pels forsøk på å drive pelsvarefabrikk på Sandane. Hadde 35 tilsette, men det enda med konkurs i 1983.
Omstilling og stormeieri på Byrkjelo
I nokre få år frå 1954 til 1964 dreiv også Vestlandske Salslag slakteri på Sandane. Skogane gjev levekår for mange sagbruk og pallefabrikasjon.
På 1980-1990-talet gjekk det sterkt tilbake med mange av desse verksemdene: Evebøfoss gjekk konkurs, og Gartnerhallen la ned på Austrheim. Dei tre meieria er nedlagde og i 1996 erstatta av eit stormeieri for konsummjølk på Byrkjelo. Her arbeider 55 tilsette.