Anne Abelsdatter
(1582–1672) også kalla ”Blodbytta” - sjå under
Christen Søfrenson Wittrup.
Jakob Nilson Seime
gardbrukar på Seime i Breim d. ca. 1686. Under ei åstadsak om beiterettar vart Seime så arg at han slo lagrettemann Jonas Næss ihjel med ei ølkanne. Jakob rømde, og levde som fredlaus.
Berent Jonson Balchen
fødd i Bergen ca. 1610, var gjestgjevar i Korsvika på Vereide. Under ei byferd i 1660 vart det knivslagsmål mellom Berent og stesonen Absalon Olson Vereide. I basketaket vart lyset sløkt, og Berent stakk då kniven i sin eigen son Abel, slik at han døydde. Retten frikjende faren fordi det var vådeverk.
Peder Jensson Vik
(d. 1626) som var brukar på Tystad ved Vereide 1602-1625, kom frå borgarætta på garden Vik i Stryn (sjå "
Historia i Stryn"). I 1609 vart han dømd til døden av fylkestinget for ei rad brotsferder: Slagsmål, voldtekt, og kjeftbruk mot futen og andre på tinget der han hadde laga ”bulder og ulyd”. Han kjøpte seg fri dødsdomen med ein pengesum, tilsvarande 129 mjølkekyr. Han vart seinare utnemnd til kyrkjeverje av den suspekte futen
Christen Søfrenson Wittrup, og dreiv underslag frå kyrkjekassene i stor stil. Garden vart utpanta og Peder dømd i unåde.
Peder Anderson
(d. 1658) og kona Susanna Wilhelmsdtr. d. 1690 budde på garden Slagstad aust for Vereide. Gjennom lån og panting slo dei under seg kring 15 gardar i Gloppen, Breim og elles i Nordfjord.
Ragnhild Myklebust d. 1661
|
Vora. (Foto: NRK) |
Lussi Hole d. 1661
Brite Veiteberg d. 1664vart alle dømde for hekseri og brende på bålet. Dei skulle alle ha teke del i ”heksesabatt” saman med Djevelen på det lokale ”heksefjellet” Vora i Breim (sjå "
Heksene på Vora").
Søfren Christenson Wittrup
(1619–1669) var sorenskrivar i Nordfjord, og busette på Apalset i Gloppen i 1657.
Oluf Jetmundson Mardal
gardbrukar på Mardal midt på 1600-talet. Vart lyst fredlaus etter at han hadde gjort opprør på ei tingsamling på Lote. Stiftsskrivaren Chr. Wittrup gjekk imellom, og fekk omgjort domen slik at Mardal kunne kjøpe seg fri straffa. Løysesummen lånte han av Wittrup mot pant i garden, men Wittrup slo seinare garden under seg.
Anne Øvreset
frå Breim vart i 1681 dømd til døden for hekseri. Ho skulle ha kome i krangel med Guri Hansdotter Øvreset på støylen. Etter dette døydde Guri. Retten fann ikkje at Anne hadde brukt fysisk vald mot Guri, men at ho hadde brukt magi for å ta livet av jenta.
Markus Rasmusson Bjørnereim
(ca. 1660 - ca. 1711) frå Breim. Bondeson og eventyrar, som via teneste i Bergen reiste til Nederland og tok teneste i Det vestindiske kompani. Han reiste til Curacao i Karibien.
Marte Poulsdotter Føleide
vart i 1679 avretta ved halshogging for å ha teke livet av det nyfødde barnet sitt, som var avla utanfor ekteskap.