Var prest i USA før han vart sokneprest i Innvik 1909 til 1925, der 6 av dei 8 sønene til Mads og kona Signe vart fødde. Seinare flytta familien til Bærum.
Mads er stamfar i den kjende Andenæs-slekta i Oslo, som har gjort seg bemerka i politikk, forretning og i forsking.
Far til juss-legende
Ein av sønene er den legandariske jussprofessor
Johannes Bratt Andenæs (1912-2003). Sonen
Erling Andenæs (1910-1992) leia ei kjend motstandsgruppe under 2. verdskrig og bygde opp eit stort forretningskonsern i Oslo.
Tønnes Andenæs (1923-1975) var statssekretær og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, og omkom i togulukka på Tretten 22. februar 1975. (27 menneske omkom då to persontog kolliderte nord for Tretten stasjon.)
Ein annan son var distriktslege
Olaf Andenæs (1907–1985) i Stryn, som m.a. dreiv diagnosestasjon for tuberkulose i Nordfjord.