Førre side:
·
Kjende personar i Gloppen fødde år 1850-1900
Ola Johan Gjengedal
(1900–1990) i Hyen. Lærar og politikar for Kristeleg Folkeparti. Slo seg til på Sunnmøre, der han m.a. var skuleinspektør i Herøy. Formann i Møre og Romsdal Kristeleg Folkeparti, og Stortingsrepresentant 1965-1969. Før det var han i mange år vararepr.
(1900–1973) frå Hyen. Lærar og forfattar.
Ola Røyrvik
f. 1900 i Hyen. Lærar og politikar. Flytta til Herøy på Sunnmøre, og var stotingsrepresentant for Møre og Romsdal i seks år.
Malmfrid Lunde
(1901–1976) frå Breim. Lærar, busett på Lunde i Jølster. Ho gav i 1942 ut ”Skøytebrevet”, ei samling forteljingar (Fonna Forlag).
(1901-1984) frå Hyen. Lærar og politikar.
Kolbjørn Austrheim
(1902–1981) frå Sandane. Var mangeårig leiar av Austrheim Musikklag, og komponerte sjølv fleire melodiar. Forløparen til Musikklaget var ”Smiemusikken”, starta 1917. Den fekk tilnamnet fordi dei heldt øvingane i ei opppussa smie på Gloppestad.
Lasse Grønfur
(1903–1985) fødd på Sandane. Forretningsmann i Førde – sjå "
Forretningsfamilien Grønfur".
Johan Arnesson Rygg
(1904–1972) frå Rygg. Dreiv drosje og bussruter på Sørstranda i Gloppen . Firda Billag overtok i 1972 dei to bussane som selskapet eigde.
Sigurd Rønnekleiv
(1906–1932) frå Hyen. Lærar. Diktsamlinga hans, ”Haust i vår” kom ut i 1933 til støtte for vanføresaka. Var sjølv sjukleg og vanfør.
Kari Hegrenes
f. Sårheim (1906–1989) frå Breim. Bygde og dreiv det kjende hotellet
Karistova på Utvikfjellet i 1936, og dreiv det til ho døydde i 1989. Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Gift i 1946 med Bjarne Hegrenes (d. 1950).
(1906-1940) 1. Styrmann og marinesoldat.
Gjertrud Fitje
f. 1907, frå Fitje. Arbeidde som sjukepleiar og misjonær i Kina i 26 år før ho måtte røme til Taiwan, der ho heldt fram med misjonsarbeidet.
(1908-1991) frå Sandane. Forretningsmann på Sandane og i Florø.
(1908-1979) fødd i Moss, busett på Breim og Vereide. Prest og Venstre-politikar.
(1910-1940) frå Breim. Handverkar og soldat.
(1910-1940) frå Breim. Troppssjef.
Alv Nyland
f. 1911, frå Breim. Biletkunstnar, som etter debuten på Vestlandsutstillinga 1937 har hatt fleire separatutstillingar og delteke i ei mengd kollektivutstillingar med måleri. Er også skulptør, og har m.a. laga fjordhesten som står utanfor Sparebanken på Sandane, og relieffet av
Gabriel Reed på Utvikfjellet.
(1911–1988) frå Skjerdal. Jurist, med ein lang karriere i departement og i teneste for FN, før han i 1955 vart utnemnd til departementsråd i Industridepartementet.
(1911–1975) frå Hestenesøyra.
Aksel O. Midtkandal
(1911-1940) frå Breim. Fall som
|
John A. Austrheim. |
norsk soldat under kampane mot dei tyske invasjonsstyrkane i Valdres i april 1940.
Lars Ryssdal
(1911 – 2004) frå Ryssdal. (sjå under; Marie A. Ryssdal)
(1912-1995) frå Sandane. Bonde og politikar for Senterpartiet.
Marie A. Ryssdal
f. 1913 i Davik, busett i Ryssdal. Husstellærar og bondekone. Syster til lensmann
Alf Rosenlund i Davik. Saman med mannen Lars Ryssdal har Marie lagt ned eit stort arbeid i kulturvern. Ho er blant dei fremste i fylket i arbeidet med å ta vare på gamle vevtradisjonar og kvinnehusflid, og Lars har samla eit stort tilfang av gamle folketonar. Ekteparet har fått kulturprisen i Gloppen kommune.
Albert E. Vereide
(1914–1988) frå Vereide. Kjøpmann og politikar. Tok i 1938 over farens slakteri på Vereide, starta omførselshandel, og seinare butikk m.a. på Sandane. Dette utvikla seg etterkvart til Vereide’s Matsenter – eit av dei største i kommunen. Vereide var også varaordførar i Gloppen, og sat ein periode på fylkestinget for Høgre.
(1914-1992) frå Sandane. Disponent i Firda Billag frå 1940 til 1982, der han var ein framsynt og aktiv leiar.
(1915-1944) frå Breim. Kvartermeister i Flyvåpenet.
(1915-1941) frå Breim. Styrmann.
(1916-2007), frå Sandane. Friidrettsmann og lærar. Den første frå Sogn og Fjordane som hevda seg på høgt nasjonalt nivå i friidrett.
Alvhild Aa
f. 1916 på Hjorteset i Hyen. Dotter av
Anders Hjorteset. Gift med
Bertel Aa. Faren kjøpte tidleg lastebil og dreiv godstransport og snøbrøyting m.m. i Hyen. Alvhild tok sertifikat i 1936, og er truleg den første kvinnelege rutebilsjåføren i Noreg.
|
Alvhild Aa bak rattet i ein Chevrolet 1930-modell frå Hyen Billag. Foto frå Ljøren |
(1917-2000), busett på Sandane. Bondekone og organisasjonskvinne i Nasjonalforeningen for Folkehelsen.
(1919-1998) frå Sandane. Sivilingeniør og kraftverksdirektør.
f. 1919 i Hyen. Båtbyggjar.
(1919-2008) frå Hestenesøyra. Bonde og politikar for Senterpartiet.
(1920-2006) frå Hyen. Båtbyggjar.
Gudmund Johan Skrivervik
f. 1921 i Gloppen. Lærar i Stryn, og friidrettsmann. Har m.a. 7 gull frå veteran-VM og 9 gull frå veteran-EM.
f. 1922 på Sandane. Driv arkitektfirma i Oslo.
Jon Bergheim
f. 1923 i Breim. Forfattar, som under pseudonymet Jon Foss har gjeve ut m.a. diktsamlinga ”Villblomar” og ”Sagt og gjort” – ei samling med dikt og lokalhistorie frå Breim.
Kjell Olson Råd
(1923-2006) frå Breim. Gardbrukar og forfattar. Har skrive fleire romanar og lokalhistoriske bøker, m.a. åtte stølssoger for fleire bygder i indre Nordfjord. Tildelt kulturprisen for Gloppen kommune.
f. 1925 på Sandane. Siv.ingeniør, spelemann, biletkunstnar og allsidig kulturarbeidar.
Pernille (Pella) Gil
(1926-2003) frå Re. Biletkunstnar, som arbeider både med figurativt måleri og i abstrakte former. Sjå også Kunstnett:
"Frå Pompido-senteret i Paris"
av Pella Gil
|
Reidar Mardal |
Reidar Mardal
f. 1926 frå Sandane. Fylkessekretær i Sogn og Fjordane Bondeparti, seinare Senterpartiet, frå 1956 til 1994. Medlem av kommunestyre og formannskap, og har m.a. skrive historia til Sogn og Fjordane Senterparti og eit par lokalhistoriske bøker.
f. 1928 frå Sandane, fødd i Jølster. Grunnleggjar av suksessverksemda Bolseth Glass.