Kjell Olsson Bondevik (1901-1983). Folkeminnegranskar, KrF-politikar og statsråd.
Fødd i Leikanger, der faren Ola var kontorist på vegkontoret. Familien flytta seinare tilbake til Sogndal, heimbygda til faren. Kjell Bondevik busette seg i Sauda.
Cand. philol. 1927, lektor ved Haugesund høgre skule frå 1933, lektor og skulestyrar i Sauda frå 1937, rektor frå 1948. Dosent i folkeminnevitskap ved Universitetet i Bergen 1965-1971.
Har gjeve ut ei rad bøker m.a. om segner og folketru, og lokalhistoriske bøker frå Sogn. Hadde ei rad tillitsverv i kristeleg ungdomsarbeid og i målrørsla. Leiar i Rogaland KrF 1939-1950, og medlem av landsstyret 1949-1955.
Stortingsrepresentant for Rogaland frå 1950-1965. Parlamentarisk leiar frå 1961.
Sosialminister i John Lyngs regjering i 1963 og kyrkje- og undervisningsminister i Per Bortens regjering 1965-1971.
Etter havariet til Borten-regjeringa i 1971 gjorde Kjell Bondevik ein mislukka freistnad på i skipe ei ny, borgarleg samlingsregjering. Då Senterpartiet ikkje ville vere med på dette, kom Bondevik med den vidgjetne fråsegna: "Eg er djupt såra og vonbroten". (Sjå elles biografien til
John A. Austrheim).
Bondevik vart utnemnd til første æresdoktor ved Universitetet i Tromsø i 1982.
Brorson til Kjell Bondevik, Kjell Magne Bondevik frå Molde, har m.a. vore kyrkje- og undervisningsminister, utanriksminister og statsminister.