Førre side:
·
Kjende personar i Gloppen fødde år 1900-1930
(1931–1990). Fødd i Telemark, busett i Hyen.
f. 1931 på Sørstranda, busett i Oslo. Skodespelar, lærar og forfattar.
|
Arne Henden. |
f. 1932 frå Sandane. Forretningsmann og flypionér. Eig ein større forretningseigedom i Sandane sentrum.
Olav M. Moritsgård
f. 1933 på Rygg. Bonde og politikar for Senterpartiet. Har m.a. vore ordførar i Gloppen, styreleiar i
Firda Billag og styremedlem i
Sogn og Fjordane Energi AS.
Ellen Johanne Mjelva (Gjestland)
(1935-1998) busett på Sandane. Mjelva var i mange år dirigent for Gloppen Jentekor, som ho utvikla til eit av dei beste jentekor i landet. Under hennar leiing vann koret fleire førsteprisar i landstevlingar, og fekk
Fylkeskulturprisen 1990. Høyr om jentekoret under "
Lyd frå Gloppen".
Gunnar Slettebakken
f. 1936, Sandane. Jurist, rådmann i Gloppen 1968–1972. Har gjeve ut romanane ”Rapport frå Salhus” 1971 og ”Ordførar Greta Svenssen” 1972 på Samlaget.
Jonfinn Fløtre
f. 1938 på Breim. Sivilingeniør og kraftverksdirektør, som m.a. har vore sjef for Oppland Energi og
Sogn og Fjordane Energi AS 1985-1989. Arbeidde i LOOC-organisasjonen som førebudde OL på Lillehammer 1994, og deretter som sjef for Istad Kraft i Molde.
f. 1938, frå Sandane. Politimann og friidrettsutøvar – slegge.
Laila Kaland
f. Lothe (1939-2007) frå Rygg, busett i Sykkylven. Sjukepleiar og Arbeidarparti-politikar. Utdanna sjukepleiar og frå 1979 sjukepleiesjef i Sykkylven. Kaland var medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal og fylkesleiar i Arbeidarpartiet 1981-1985. Vararepresentant til Stortinget 1981-1985 og fast representant 1985-2001.
f. 1940. Frå Arnestad.
Asbjørn Gjengedal
f. 1940 i Hyen. Sokneprest i Gloppen 1976-1982, då han vart utnemnd til generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund. Har dei siste åra fungert som prosti-prest i Nordfjord.
f. 1941 på Sandane. Lærar og skulesjef i Gloppen, og organisasjonsmann i musikklivet.
|
Reiel Felde. |
Reiel Felde
f. 1941 i Breim. Bonde, med mange sentrale tillitsverv innan bondenæringa. M.a. som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Gift med
Anny Felde og bror til Rasmus Felde (sjå nedanfor).
f. 1942 i Breim. Fysioterapeut og politikar for Senterpartiet.
(1942-2005) frå Breim, busett i Sogndal. Cand. philol og historikar.
(1944-2003). Fødd i Innvik. Lærar, og politikar for Kristeleg Folkeparti.
|
Ramus Felde. |
Rasmus Felde
f. 1945 i Breim. Busett i Fjaler. Veterinær og politikar for Senterpartiet. Ordførar i Fjaler 1989-1995. Medlem av fylkestinget og leiar av næringsutvalet. Bror til Reiel Felde (sjå ovanfor).
f. 1946 i Bergen. Sokneprest i Gloppen frå 1982.
f. 1946, oppvaksen m.a. i Naustdal og Breim. Forfattar og biletkunstnar.
Magnar Rygg
(1948-2000) frå Rygg. Lærar og forfattar, som m.a. gav ut diktsamlingane ”Vårt minutt” 1973, og ”Berre vi hev oss heimatt” 1976. Dessutan barneboka ”Måsen som ikkje vil døy” 1982.
f. 1948 på Sandane. Journalist og banksjef.
f. 1948 i Gloppen, busett i Sogndal. Kulturforskar, høgskule-amanuensis og redaktør.
f. 1948 på Sandane, busett i Høyanger. Lærar og organisasjonskvinne.
Nils Larsen Jordanger
f. 1948 i Breim. Har samla og gjeve ut ”Glimt frå Breim i Farne år” og ”Gamle ord og uttrykk frå Breim”.
f. 1948 i Oslo, busett i Breim. Ballettdansar og ballettpedagog.
f. 1948 på Vereide, busett i Førde. Forsikringsdirektør.
f. 1950 frå Sandane. Lektor og forfattar.
|
Nils R. Sandal. |
f. 1950 i Breim. Bonde og sjåfør. Politikar for Senterpartiet.
Jon Oddvar Kandal
f. 1950 i Breim. Bonde og folkemusikar. Kandal har m.a. vunne ei mengd førsteprisar i felespel på landskappleikar, og er fylkesmusikar i Sogn og Fjordane. Medlem av Firdakvartetten.
Åse Skrivervik
f. 1950 på Sandane. Keramikar, som også er aktiv i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.
|
Per Svein Reed. |
f. 1951 på Sandane. Lærar og politikar for Kristeleg Folkeparti.
Per Svein Reed
f. 1952 på Reed. Fotograf, som har bygd opp ei blømande forretning m.a. basert på digitalbehandling av foto;
Reed Foto AS. Har arbeidd som frilansfotograf for fleire aviser.
Elin Grytting
f. 1952. Fødd i Bærum. Folkemusikar og songar som m.a. har vunne mange prisar på landskappleikar. Fylkesmusikar i folkevisesong.
Ola Lilloe-Olsen
f. 1953, Hyen. Sivilingeniør, som i 1983 starta Teknisk Modellsenter A/S i Hyen, i ein tidlegare fabrikkhall til
Brødrene Aa i Hyen.
f. 1954, frå Sandane. Siv. økonom og banksjef.
f.1955 i Breim, busett på Reed. Førskulelærar og friidrettskvinne.
|
Bjørn Grov. |
Bjørn Grov
f. 1955 frå Sørstranda. Redaktør i lokalavisa Firda Tidend. Mykje nytta kåsør i NRK Sogn og Fjordane.
f. 1957 i Kandal, busett i Meldal. Kokk og Arbeidarparti-politikar.
f.1957, frå Sandane, busett i Bergen. Tannlege og friidrettsutøvar.
f. 1958 i Breim. Ein av dei leiande alpinistane i Noreg på 1980-talet, og utforspesialist.
f. 1958 i Oslo, busett på Sandane og i Bergen. Dr. art. og professor i musikkterapi.
f. 1959 på Sandane, busett i Oslo. Professor og forskar i kraftproduksjon.