SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Solund

Før 1870 var mest all skule i Solund organisert som omgangsskule. I byrjinga var Utvær skipreide organisert i ein indre og ein ytre skulekrins, med berre ein lærar i kvar.

Publisert 11.03.2002 09:30. Oppdatert 21.03.2002 09:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Skulehuset på Tangenes kring 1915.
(Foto © Fylkesarkivet)
I den ytre krinsen kom Torkjel Jensen Grytten som lærar i 1822, og var lærar i 50 år. 1833 er det registrert 204 skulepliktige born i dåverande Utvær kommune. Heilt fram til 1893 høyrde søre luten av noverande Solund kommune under Eivindvik skulekommune (sjå "Kommunehistorikken i Solund"). I 1853 vert det nemnt at det er tre skulekrinsar i denne delen av noverande Solund: Ein for ytre Solund, ein for Indrevær, og ein for indre Solund.

Fastskule avløyste gradvis omgangsskulen frå 1844, då den første fastskulen kom i Indrevær. Hardbakke fekk fastskule i 1870. Hersvik fekk fastskule i 1874.

Fram til 1900 auka talet på krinsar sterkt, og var heilt oppe i 17. Det mest vanlege talet var 14 skulekrinsar.
Men i 1897 var det berre kommunale skulehus i Hardbakke og Hersvik. Elles heldt 9 til i leigde, faste skulelokale, og 3 krinsar hadde framleis omgangsskule. I 1897 kom det tredje faste skulehuset, på Gylta.

I 1962 var det framleis 16 skulekrinsar i Solund, og då øya Losna ved kommune-reguleringa i 1965 vart lagt til, kom ein opp i tilsaman 17 skulekrinsar.

Men utover på 1960-talet starta skulesentraliseringa. I 2002 har heile Solund kommune berre to skulekrinsar att.

Overgang til nynorsk skulemål

Den første skulekrinsen la om til nynorsk skulemål i 1906, og alle skulekrinsane hadde gått over til nynorsk i 1920.

Framhaldsskule og ungdomsskule

Solund kommmune var mellom dei første i fylket til å bygge ut 9-årig ungdomsskule. Som ei startordning, vart det frå 1961 sett i gang linedelt framhaldsskule på Hardbakke.

Hardbakke skule har omlag 100 elevar. (Foto: D.H.Kvammen Andersen, NRK)
Nye Hardbakke skule med ungdomsskule vart opna i 1966. Kommunen bygde elevpensjonat for ungdomsskuleelevar som ikkje kunne reise til og frå med skulerute. I kombinasjon med elevpensjonatet vart det drive vanleg pensjonat i bygget. Etter at ordninga med elevpensjonat vart avvikla, vart Solund Pensjonat drive som vanleg pensjonat, og heiter frå 2002 Hardbakke Gjestehus.

Dagens skular:

(Tal frå 2001)
Hardbakke skule 1.-10. klasse - 106 elevar
Ytre Solund skule 1.-7. klasse - 21 elevar

MEIR OM SOLUND 
Solund kommune

 
Historia i Solund
Industri og næring i Solund
Kjende personar i Solund
Kommunehistoria i Solund
Krigshistoria i Solund
Kyrkjer i Solund
Samferdsle i Solund
Skular i Solund
Verd å sjå i Solund

 
Lyd frå Solund
Video frå Solund
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no