Vegen Hardbakke-Hop
var den første vegen som vart bygd i Solund. Planlegginga starta i 1836, men vegen vart ikkje teken i bruk som rideveg før på 1860-talet. Først i 1923 vart den utbetra slik at den vart brukbar køyreveg for hest og kjerre.
Vegen Vaulen-Hardbakke
med sidegrein til Eide fekk dei første løyvingane i 1937. Størstedelen av denne vegen vart ein del av riksvegen som vart opna i 1960.
Samanhengande veg Krakhella–Hardbakke
var ferdig i 1960. Fergesambandet til Rysjedalsvika vart opna 1972.
Bru over Rørdalsfjorden
i Ytre Sula vart opna i 1960. Den går inn i sambandet over Indre- og Ytre Steinsund. Stålbrua var den gamle Langebrua frå Førde sentrum (sjå "
Bruer i Førde") som vart skrudd frå kvarandre og rekonstruert i Rørdalsfjorden.
Brua over Indre Steinsund
stod ferdig i 1963.
Veg Bjørnefjorden-Ytre Steinsund
kom 1967, og den samanhengande vegstrekninga Hardbakke-Ytre Steinsund vart overlevert i 1967.
Nåra-Kolgrov
Etter krigen vart det bygd veg Nåra-Kolgrov for pengar som var øyremerka til vegutløysing i kyststrok. Vegen opna i 1967.
Hersvik i Nordsula
fekk vegsamband i 1972.
Veg Dumba-Engvik
var ferdig i 1977.
Veg Hjønnevåg-Ytrøygrend
opna i 1977.
Veg Ytrøygrend-Lundøy
opna i 1978.