SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
I 2003 har museet ei samling av kring 50 antikvariske hus og kring 50.000 gjenstandar. Biblioteket innheld 30.000 bøker. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eit av dei største musea på Vestlandet.

Publisert 11.03.2002 11:39. Oppdatert 03.11.2004 15:36.

Museumsbyggjarane Heiberg

Byste av Gert Falch Heiberg på folkemuséet. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
I museumstunet på Øvre Amla stod dei gamle bygningane tett, og brannfåren var stor. På 1970-talet starta derfor flyttinga av museet til ei ny tomt på Kaupangerskogen. Her vart det også bygt eit stort museumsbygg med administrasjonskontor, utstillingssalar og brannsikre magasin.

Flyttinga av dei fleste bygningane frå Amla var gjennomført i 1984 då kong Olav V stod for den offisielle opninga av det nye museet i samband med at han var i Sogn på 800-årsjubileet for slaget ved Fimreite.




Eldre hus på muséet. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Sidan har museet også bygt ut ei meir moderne avdeling - m.a. er det reist eit norsk typehus frå 1980-talet, innreidd i alle rom slik stil og smak var på den tida då huset vart bygt. Muséet viser også interiør slik folk møblerte i mellomkrigstida 1918-1940.

Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum ved ferjeleiet i Kaupanger inneheld samlingar av m.a. av eldre båtar og sjøbruksutstyr frå Sogn.

Elvahaug. (Foto: A. Nybø, NRK)

Museumseigedomar i Sogndal

I 1997 fekk De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum ei stor testamentarisk gåve etter Marit Mossige Ryssdal (1908-1997). Det var eigedomen "Elvahaug" midt i Sogndal sentrum. Her hadde ho og ektemaken Jon Ryssdal frå Gloppen m.a. ei stor samling biletkunst, bøker og møblar. Etter testamentet skal Elvahaug takast vare på slik den stod då De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum overtok den.

Båtbyggeri i Eidet

I 2000 overtok museet småbruket og båtbyggeriet etter Svein Henjesand i Eidet. Dette ligg i enden for den vesle fjordarmen som stikk austover frå Sogndalsfjorden.

Stedje Mølle. (Foto: A. Nybø, NRK)

Stedje Mølle og oppgangssag

Museet har også ansvaret for den verna Stedje Mølle ved Sogndalsaelva, og ei oppgangssag på Tingastad ved Sognefjorden like sør for Sogndal Lufthamn.

Hovudside:
· Amla-gardane

Sjå også:
· Vik prestegard på museum
· Vetestova frå Vetanosi

Gamalt tun på muséet. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no