|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Solund: Handelsstaden SteinsundholmenHandelsstaden ligg i Indre Steinsund som frå gamal tid var den ytre kystleia. Truleg var det kremmarhandel og gjestgiveri i 1675, då Baltazar Pedersen budde på holmen. Publisert 11.03.2002 12:33. Etter eit tidsrom der det vantar opplysningar om det budde nokon på Steinsundholmen, dukka Peder Akselson Zachrisøen opp som ølseljar i 1756. I 1771 kjøpte Ole Knutsson husa på holmen og starta truleg handel. Etter to år på Lyder Holthe Wentzel sine hender, kjøpte bergensaren Henrik Møller i 1792. Han dreiv fiskekjøp og sildesalting i tillegg til gjestgiveri. I 1798 vart Hans Jacobson Svaberg eigar, og enkja Marthe dreiv vidare då Hans døydde i 1835. Ho tok av kår, og let Nils Larsson Asheim frå Gulen drive handelen fram til 1844.
Så kom Ludvig Skage frå 1844 til 1850, då Peter Ulrik Egedius overtok, og satsa stort på fiskebåt og sildenøter ved sida av handelen. Men han overinvesterte, og måtte overlate eigedomen til kreditorane sine i Bergen - handelshusa Døscher og Martens.
I 1859 fekk brørne Kristian og Martinus Toska kjøpe Steinsundholmen, og tre år seinare vart jordveg og handel delt, slik at Kristian tok handelen og broren jorda. Begge brørne drukna i 1863. Så kom Halvard Jensen og gifta seg med ei av enkjene, og kjøpte holmen på auksjon i 1864. Han dreiv handelen fram til 1870. Øya fekk postopneri i 1868 og rutebåt i 1875 på Steinsundvika, og Jensen vart ekspeditør for begge. I 1870 overlet han handelen til Ola Halland.
I 1871 vart Steinsundholmen seld på auksjon til Ola Halstensen Stamnesleira som dreiv som smed og bakar, medan kona Lisbeth dreiv butikken. Etter nye eigarskifte vart holmen på nytt seld på auksjon i 1917. Ny eigar vart selskapet "Stensundholmen", og i 1921 vart AS Salteriet Stensund ved O. Bratland eigar. Dei selde til Tormod Pederson Gåsvær i 1936.
Dei siste 50 åra har det ikkje vore handel på Steinsundholmen. Dagens eigarar bur i Bergen og nyttar staden som fritidsbustad.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|