AS Solunder Preserving
- grunnlagt 1898 av
Hans Søreide.
Knut Johan Berentsen
starta landhandel i Indrøy i 1895. Seinare starta han fiskeeksport og bygde islager. Isen vart skoren for hand på eit tjern ved Stokkevåg. Berentsen dreiv eksport både til England og Tyskland av laks, kveite, hyse og hummar, og hadde fleire fiskebåtar. Han tok også imot tareoske som vart brukt til produksjon av jod. Sonen Konrad tok over og dreiv fiskemottaket inntil Sogn og Fjordane Fiskesalag tok over i Ytrøy i 1969 (sjå "Fiskesalslaget med mottak" nedanfor).
Johan Hop
starta på 1920-talet oppkjøp av krabbe på Sunnmøre. Han hadde eiga skute, og eksporterte krabben til Gøteborg. Han dreiv også omfattande potethandel med same skuta, som forliste ved Jæren i 1936, og Johan og ein dekksgut omkom.
starta i 1964 oppdrett av regnbogeaure på Solneset, og er såleis ein av pionerane i norsk fiskeoppdrett.
Fiskesalslaget med mottak
Gjennom dotterselskapet
AS Fiskeforsyning bygde
Sogn og Fjordane Fiskesalslag på 1950- og 1960-talet fleire mottaksanlegg med fryseri. Eit av dei kom på Ytrøy i Solund i 1969. Anlegga til fiskesalslaget gjekk dårleg, og vart etter få år lagde ned eller selde. I 2002 er det Lerøy-gruppa i Bergen som står bak fiskemottaket og får mykje av ferskfisken sin derfrå.
Nåralaks
vart starta på 1980-talet av Rolf Trovåg m.fl. i Nåra. Er sidan slege saman med
Sulefisk AS etter konkurs i 1994.
Leknøyfisk fiskeoppdrett
vart starta i Leknessundet i 1981 av Steinar Nybø. Anlegget hadde tre konsesjonar og sysselsette 2-3 personar. Vart i 1998 fusjonert med
Aqua Farms etter fleire års samarbeid mellom selskapa.
|
Anlegg i Hjønnevåg. |
Norevåg Fisk AS
oppdrettsanlegg i Hjønnevåg vart starta i 1983 av Arvid Hjønnevåg. Seinare kom broren Lyder Hjønnevåg med. Anlegget har drive både med matfisk og smolt, og vart i 2000 overteke av
Sulefisk AS.
Ytrøy Laksefarm
i Ytrøygrend vart starta i 1984 av Arne Lending. Herdal fiskemat overtok anlegget tidleg på 1990-talet, og etter fleire eigarskifte, er det no ein del av
Pan Fish-gruppa.
Hamna Laks AS
oppdrettsanlegg på Krakhella vart starta i 1984 av Magnus Hatløy m.fl. Anlegget har både matfisk og settefisk, og er no slege saman med
UFO Laks som broren Leif Hatløy administrerer frå Korssund.
Sol Smolt AS
smoltanlegg på Gylta vart starta i 1985 av Jostein Kråkås m.fl. (sjå
Sulefisk AS).
Buskøy Laks
fiskeoppdrett vart starta i 1985 av Jon Midtbø m.fl. Kjøpt på 1990-talet av Leknøyfisk, seinare
Pan Fish.
|
Lakseyngel. |
Lialaks AS
smoltoppdrett på Lia ved Hardbakke vart starta i 1986 av Svein Lien.
Ytrøy Laks AS
oppdrettsanlegg vart starta i 1987 av Oddleif Ørnehaug. Han selde i 1989, og etter fleire eigarskifte er det i 2001
Pan Fish som eig anlegget.
FMC Biopolymer AS
på Buskøy -sjå "
Tangskjæring og taretråling".
Sule Trans AS
vart skipa i 1996 av Jostein Kråkås m.fl., og driv brønnbåten "Refleks" som fraktar levande laks og aure til slaterianlegga - sjå
Sulefisk AS.
kom inn som stor eigar av fiskeoppdrett i Solund frå tusenårsskiftet. Dei har m.a. overteke eigarskapet av tidlegare Ytrøy Laks og Ytrøy Laksefarm, og har elles overført (mellombels) fleire laksekonsesjonar frå Gulen til Solund p.g.a. sjukdomsproblem i ved anlegg i Gulen. I 2002 driv såleis
Pan Fish ni oppdrettskonsesjonar i Solund.
West Well AS
vart starta på Eide i 2001 av Jostein Kråkås. Selskapet skal drive oppdrett av torsk (sjå
Sulefisk AS).
|
Oppdrettsanlegg i Hjønnevåg. (Foto: Asle Veien, NRK) |