På 1600-talet slo lagmann Hans Hansen i Bergen under seg store deler av Losnagodset i Ytre Sogn (sjå "
Hovudsetet for Losnaslekta i Hyllestad?" og
Losna-ætta). Han vart adla i 1675, og fekk namnet Lillienskiold. Han hadde då skaffa seg kontroll over eigedomane til Munkeliv Kloster og dermed også to tredjepartar av Utvær skipreide. Det vil i praksis seie kontroll over omlag halvparten av det som i dag er Solund kommune.
Svigersonen overtok
Svigersonen oberst Bendix V. Hatten overtok eigedomane, og hans svigerson igjen Ivar V. Ahn i 1692. I 1710 kjøpte lagmann Knagenhjelm. Embets-slektene Daae (sjå "
Historia i Vik") og Segelcke vart ved inngifte i Knagenhjelm-slekta også eigarar av bruk i Solund. Det same vart Heiberg-slekta på Kaupanger (sjå "
Historia i Sogndal"). Ingen av desse ser ut til å ha busett seg i Solund, men levde av bygselinntekter frå gardar og lakseverpe.
Riksmannsslekta Busch var store landeigarar i ytre Solund på 1600- og 1700-talet.