SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Kaupanger Hovedgård

Hovudhuset på Kaupanger Hovedgård vart bygt etter brannen i 1850. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)
Hovudhuset på Kaupanger Hovedgård vart bygt etter brannen i 1850. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)
På slutten av mellomalderen ser det ut til at jorda kring Amlabukta er samla under to store "hovudeiningar": I 1522 er det berre nemnt gardane Amla og Kaupanger.

Publisert 12.03.2002 09:16. Oppdatert 13.06.2003 16:25.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Nils J. Knagenhjelm [WM]  Eigar av Kaupanger Hovedgård, Nils. J. Knagenhjelm, fortel til Ottar Starheim om barndom, oppvekst, tida som Milorg-mann og som fylkespolitikar under sjukehusstriden.

Kaupangergodset tek form

Eldre bilete av det eldste huset på Kaupanger Hovedgård, frå kring år 1500. Huset er kalla "Brannkjellaren", og har truleg vore arrestlokale. (Foto © Fylkesarkivet)
Medan Kaupanger på vestsida var ein stor gard, var Amla delt opp i tre gardar - ein på øvre, ein midtre og ein for nedre Amla. Dei to øvste vart på 1600-talet samla til eitt bruk, og kom i Heiberg-slekta si eige frå 1690 - sjå: Amla-gardane.

På den tida då Lærdalsmarknaden tok over som marknadsstad etter Lusakaupang - dvs. på slutten av 1500-talet - var det slekta Schack som eigde området kring Lusakaupang.
Men det var først då den illgjetne futen Gjøde Pederssøn fekk hand om Kaupanger ved eit makeskifte i 1606 at godset for alvor tok til å vekse.

Futen Gjøde Pederssøn vert godseigar

Gjøde Pederssøn eigde også Stedje gard, og fekk bytt til seg Kaupanger mot eit par gardar han hadde arva i Jylland. Gjøde utvida Kaupanger-garden mykje.

Kaupanger og Stedje vert adelsgods

Gjøde Pederssøn selde Kaupanger i 1636 til riksråd Iffuer (Iver) Wind til Nørholm.

Skogen skapte rikdomen

Setegardsprivilegiet gav Kaupanger-godset rett til å skipe trelast direkte til utlandet. Skogeigarane på Kaupanger hadde også eigne jekter for transport av trevirke til Bergen.

Kaupanger sete for første amtmannen

I 1763 vart Kaupanger Hovedgård sete for den første amtmannen i Sogn og Fjordane ved at Joachim de Knagenhjelm etter fleire bøneskrift til kongen fekk skilt ut Nordre Bergenhus som eige amt.

Teikning av Kaupanger Hovedgård i 1846 - med den gamle og mektige hovudbygningen fire år før han brann. Kaupanger stavkyrkje ligg til høgre. (© Fylkesarkivet)

Gardstunet brenn

Det gamle tunet med hovudbygning frå 1600-talet med klokketårn og med sine to karakteristiske fløyar ut mot fjorden, brann veslejulaftan 1850.

Største sagbruk på Vestlandet

Frå første tid var dei mektige fureskogane den viktigaste inntekta til Kaupanger-godset. Store oppgangssager langs Kaupangerelva skar tømmeret, og ein stor del av jekteflåten på Sognefjorden vart hyrt inn for å frakte skurlasta frå "Knakasagi" til kjøparane i Bergen.
· Kaupanger Sag og Høvleri
· Leiglendingar i skog og på sagbruk

Garden er i 2003 eigd og driven av Christen og Randi Knagenhjelm.

Knagenhjelm-skrinet

Knagenhjelm-skrinet på Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen er ein av dei mest kostesame sølvskattane i Noreg frå 1600-talet. Sølvskrinet er omlag 50 x 25 cm langt og overdådig dekorert med filigransarbeid og prydsteinar og veg 5,5 kilo. Skrinet vert omtala i auksjonen etter kansellirådinne Catharina Elisabeth Knagenhjelm som døydde i 1772. Det er sannsynleg at dette familieklenodiet har vore oppbevart på slektsgodset i Kaupanger ei tid.

Hovudside:
· Adels- og embetsgardar på rekkje og rad


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no