SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Solund:

Riksmannsslekta Busch

Busch-slekta var frå midten av 1600-talet mellom dei største jordeigarane i noverande Solund. Mellom anna eigde den garden i Rånøy, som vart rekna som den rikaste garden i Utvær skipreide, i 120 år.

Publisert 12.03.2002 09:43. Oppdatert 14.04.2003 12:24.
Ivar Busch var den første. Han var truleg son til futen i Sunnfjord, som på den tida budde på Fure - sjå: Futesetet på Fure. Han var gift med dottera til den rike handelmannen Mikkel Jakobsen i Kolgrov. Mikkel hadde grave til seg 12 gardar då han døydde i 1676. Svigersonen Ivar Busch arva dei fleste gardane, i tillegg til tre gardar i Sunnfjord.

Rikast i Solund

På Buskøy i Nordsula bygde sonen Fredrik Busch handelssete og gjestiveri i 1705, og kjøper elles ut gardar son andre sysken har arva. Han eigde elles fleire jekter og ei mengd mindre båtar og fiskebruk. Både i Solund og kring Åfjorden i Hyllestad hadde han sitjenøter for laksefiske. Fredrik er den rikaste mann som har budd i Solund nokon sinne. I dødsbuet etter han var det m.a. ei rikt utskora himmelseng som no er på Historisk Museum i Bergen. Stova på Refsøen var prydd med måleri, gardiner og stort bordbestikk i ekte sølv. Han brukte også "tandbørste i futteral"!

Sonen Nils Fredrikson ser ut til å ha mindre forretningsambisjonar enn faren, for under han vert aktiviteten mykje redusert.

Enkja blei verande

I 1777 vart Refsøen seld til Bengt Gustav Winding, som arbeidde som fullmektig hos futen Simen Hansen i Alværa. Men enkja etter Nils Busch nekta å flytte ut, og får etter mykje spetakkel lov å bu der så lenge ho og slekta ynskte. Winding døydde 45 år gamal i 1787 og eigedomane vart etter kvar delte opp.

Hovedside:
· Handelsstaden Buskøy


MEIR OM SOLUND 
Solund kommune

 
Historia i Solund
Industri og næring i Solund
Kjende personar i Solund
Kommunehistoria i Solund
Krigshistoria i Solund
Kyrkjer i Solund
Samferdsle i Solund
Skular i Solund
Verd å sjå i Solund

 
Lyd frå Solund
Video frå Solund
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no