|
Kast etter sild i Ytre Sula på slutten av 1920-talet. (Foto © Fylkesarkivet) |
Frå dei tidlegaste tider har fiskeri vore den viktigaste næringsgreina i Solund kommune. Eit teikn på kor viktig fisket kring dei yste havskjæra har vore frå gamalt, er at det vart bygd eiga kyrkje i Utvær så tidleg som på 1200-1300-talet, og på 1600-talet vert Utvær nemnt som eit viktig fiskevær med omfattande handel.
Fiskarane herfrå har i tillegg til heimefisket drive allsidig havfiske og fangst - slik som makrelldorging i Nordsjøen kring 1900, snurpenotfiske, brislingfiske, størjefangst og fangst av småkval langs kysten, og sel i Ishavet. I kommunen har det også vore betydeleg hummarfiske og østersproduksjon.
Sidan 1960-talet har oppdrett vokse seg til ei stor næring.
Men viktigast av alt gjennom tidene har vore landnotfisket etter sild.
Klippfiskproduksjon
Frå 1800-talet vart det tørka mykje klippfisk på svaberga i Solund. Fisken vart kjøpt som saltfisk frå jekter som kom nordfrå. Kjende klippfiskberg låg i Tungodden, Pollen, Litle-Færøyna og Nordre Kråkenes. Klippfiskproduksjonen varde til 1930-talet.
Brønnbåtar
Føring av levande fisk frå Solund til Bergen i brønnbåtar starta truleg tidleg på 1900-talet. Torgeir Børsheim busette seg på Lundøy i Ytrøygrend i 1889. Han er truleg den første som starta fisketransport med brønnbåt i Solund.
Fiskesalslaget med mottak
Samvirketanken var sterk mellom fiskarane på 1950-talet, og gjennom dotterselskapet
AS Fiskeforsyning bygde
Sogn og Fjordane Fiskesalslag på 1950- og 1960-talet fleire store mottaksanlegg med fryseri: Raudeberg i 1955, Bulandet 1956, Bremanger 1958, Stadlandet 1960 og på Ytrøy i Solund i 1969. Anlegga gjekk dårleg og vart etter få år lagde ned eller selde. I 2002 er det Lerøy-gruppen i Bergen som står bak fiskemottaket i Solund og som får mykje av ferskfisken sin derfrå.
Størjefisket
Solund vart ei av dei store "størjekommunane" då dette fisket slo til etter 2. verdskrig. Den store makrellstørja (tunfisk) vert fiska med not, og fiskarane speida etter størjestimane frå utkikkstønne, nett som på kvalfangst. Den første Solund-skøyta som deltok var "Nordsolund" i 1950. Det største kjende størjefangsten nokon sinne gjorde "Nordsolund" på Hellefjorden same året. Då tok den 748 størjer i eitt kast! Båten måtte ha hjelp for å berge fangsten, og 7 båtar fekk full last. Størjefisket på Vestlandet minka sterkt og var på det næraste slutt for Solund kring 1980.
Oppdrettsnæringa
|
Oppdrettsanlegg i Hjønnevåg. (Foto: Asle Veien, NRK). |
Nærleik til kysten, og mange sund med god gjenomstrøyming mellom holmane, gjer Solund til ein av dei viktige oppdrettskommunane i Sogn og Fjordane. Alt i 1964 starta
Bernt Ravnøy dei første forsøka med oppdrett av regnbogeaure på Solnes på Ravnøy. Han var ein av dei første pionerane i norsk oppdrettsnæring. Fôret laga han sjølv etter eiga oppskrift. Han bygde fryseri og utvida anlegget til det sysselsette tre personar. Seinare er det bygd ei mengd fiskeoppdrett i kommunen. (Sjå meir om desse under "
Fiskeoppdrett og sjømat i Solund").
|
Kystkultursenteret på Litle Færøy. (Foto: Aasulv C. Austad, NRK) |