|
Det har i periodar vore vanskeleg å skaffa distriktslege i Solund. Her frå legekontoret på helsesenteret på Hardbakke. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Kring 1800 herja stygge koppe-epidemiar m.a. i Solund. Presten
Niels Griis Alstrup Dahl starta store vaksinasjonsprogram i prestegjeldet sitt, som den gongen omfatta søre delen av Solund kommune.
Også lepra, eller spillsykje, herja som ein farsott på Vestlandet på 1800-talet - særleg i kyststroka. I Solund var det t.d. registert 40 spillsjuke på ein gong.
Tyfus var heller ikkje ukjent: I 1846 døydde tre sysken på garden Steindal samstundes av sjukdomen.
Dei første distriktslegane i Sogn og Fjordane vart tilsette i 1801 - ein for Fjordane og ein for Sogn! Utover 1800-talet vart legetenesta delt opp. I lang tid hadde Solund felles distriktslege med Lavik, Brekke, Gulen, Solund og deler av Hyllestad. I 1893 vart Gulen og Solund utskilt som eige legedistrikt med kontor i Eivindvik. Solund fekk eigen distriktslege i 1940.
Kommunen har i årevis hatt problem med å få søkjarar til distriktslegestillinga. Kommunen var m.a. utan fast lege 1955-1956, 1957-1960, 1963-1965 og 1970-1974. Distriktslegen hadde frå 1940 til 1964 kontor og bustad i Sulen Sparebank. For å lokke fleire søkjarar, bygde kommunen legebustad i 1964.
Frå ca. 1946 hadde Karl N. Lambrechts dokterskyssen med eigen båt. I 1960 bygde kommunen dokter- og ambulansebåten "Sulingen" hos
Brødrene Aa i Hyen.
Kommunen fekk eiga jordmor i 1868.
I 1965 vart alders- og sjukeheimen Solundheimen bygd på Hardbakke, og seinare utvida i 1982.