|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Solund: Motstandsreiret HjønnevågAlt det første krigssommaren 1940 vart Anton Hjønnevåg og sonen Martinus dregne inn i fårlege oppdrag for motstandsrørsla då dei tok imot og skyssa norske agentar og utstyr. Noko av utstyret var frakta til handelsmann Nils Knutsen i Kilstraumen. Dei var også inn i Masfjorden med agentar og utstyr. Publisert 13.03.2002 09:42. Oppdatert 19.04.2007 14:30.Nokre månader seinare vart agentrutene mot Solund opprulla mot Kilstraumen og Nils Knutsen. Ein sentral mann i transporten dit hadde vore skipper Ivar Duesund frå Masfjorden i Hordland. I februar 1941 slo Gestapo til mot Anton og Martinus Hjønnevåg. Dei vart forhøyrde på Gestapohuset i Bergen, men slapp fri. Ivar Duesund vart dømd av tysk krigsrett og avretta 22. oktober 1941. Andre fekk lange fengselstraffer.
| Johan L. Hjønnevåg |
I 1943 kom tre kommandosoldatar til Hjønnevåg. Dei hadde utført åtak med miniubåtar på hamna i Bergen og hadde vore på røming frå tyskarane i månadsvis. Fleire forsøk på
å kome seg vestover hadde slege feil. Fleire ungdomar frå Hjønnevåg med Johan L. Hjønnevåg i spissen fekk båten og rømlingane til Storsundet, der dei tok i land radiosendar og anna utstyr og søkte båten i havet. Rømlingane vart innlosjerte i ei laksehytte, der dei var trygge til dei kunne hentast til Shetland. Like etter kom 14 mann frå same Bergens-gruppa til Hjønnevåg, og vart i februar 1944 henta av Shetlands-bussane.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|