(ca. 1285 - ca. 1340), busett på Kyrkjebø.
(ca. 1330-1407). Første riksråd i den rike og mektige Losna-ætta.
|
Kiving om Eindride i Losna-spelet. (Foto: NRK) |
Eindride Erlendsson til Losna
(- 1438). Vart som faren
Erlend Filippusson til Losna riksråd, fehirde og i tillegg høvedsmann på Tønsberghus. Far til
Erlend Eindrideson til Losna.
(- 1452) Riksråd (statsråd), fehirde (skattmeister) i Bergen og høvedsmann på Tøndsberghus.
Iver Nilsson Busch
(d. ca. 1688). Handelsmann og jordeigar, og truleg son til futen i Sunnfjord. "Ættefar" til ei av dei rikaste slektene i Solund på 1600- og 1700-talet -
Riksmannsslekta Busch. Gjennom kjøp og inngifte i andre slekter slo Busch-slekta under seg eit stort tal gardar og dreiv handel og gjestgiveri m.a. ved Hersvik i Nordsula.
(1674-1750). Handelsmann og jordeigar, og den rikaste mann som nokon sinne har budd i Solund.
(1771-1820) fiskarbonde frå Stokkevåg. Vert kalla "Stokkevågmannen".
(1779-1852) frå Kvinnherad, busett i Eivindvik i Gulen. Prest, opplysningsmann og politikar.
Johannes Mathiesen
(1826-1908) frå Kråkevåg. Lensmann og politikar. Arbeidde først som lensmanndreng, og vart lensmann i 1873-1906. Lensmannsembetet gjekk "i arv" i denne slekta i fire generasjonar, og tre av dei budde på lensmannsgarden i Kråkevåg fram til 1934, då kontoret vart flytta til Hardbakke. Sjå også
Johannes Mathiesen.
(1826-1884) frå Bremanger, rik handelsmann busett på Husøy.
Petrine Sørendotter Tungodden
(1835-1909) frå Tungodden. Fiskarkone, som etter at mannen døydde i 1883 rusta ut to fiskebåtar som deltok i torskefisket på Sunnmøre. Det var svært sjeldan at kvinner markerte seg i næringslivet utanom gard og heim på den tida. Petrine dreiv elles undervisning i veving og tilskjæring.
Halvard Jensen
(Kringlen) (1832-) frå Brekke i Gulen. Lærar, handelsmann og politikar. Var lærar i Brekke og Solund før han i 1864 vart eigar av
Handelsstaden Steinsundholmen. Han eigde Steinsundholmen til konkursen i 1871, var også postekspeditør frå 1868 og rutebåtekspeditør frå 1875. Ordførar i Solund 1870-1874, 1876-1881, 1886-1890.
(1848-1922) frå Buskøy. Kjøpmann og fiskeeksportør.
Johannes Kristofferson Lågøy
(1857-1919) frå Lågøy. Fiskar og politikar. Han var mellom dei første i kommunen som installerte motor i fiskebåt. Det var i 1907. (Også lensmann Magnus Mathiesen var tidleg ute med motorbåt, i 1906). Ordførar 1896-1901 og 1905 -1913.
(Indrevær) (1863-1925) frå Indrevær. Han vart kalla "Filippinar-Lund", og vert rekna som ein av dei fremste norske misjonærane.
(1867-1951) frå Masfjorden. Målreisingsmann og prest.
(1868-1952) frå Indrøy. Handelsmann og fiskeeksportør.
(1871-1947) frå Hardbakke. Bonde, handelsmann, bankkasserar og Høgre-politikar.
(1874-1953) frå Tverangsnes i Solund. Skomakar. Starta produksjon av Aurlandskoen.
(1874-1948) frå Refsøen. Fiskebåt- og selfangstreiar.
Per Anton Færøvik
(1876-1937) frå Solund, busett i Bergen. Offiser, lagerformann og Høgre-politikar. Han arbeidde m.a. ved Bergens Elektrisistetsverk og var medlem av Bergen bystyre og skulestyre. Varaprepresentant på Stortinget frå Nygård krins 1919-1921 (Bergen var ein periode som andre fylke delt inn i valkrinsar). Vararepresentant frå Bergen 1922-1930.
|
Johan A. Færøy |
Johan Andreasson Færøy
(1878-1946) frå Færøy. Lærar og politikar. Vart m.a. lærar i Hersvik frå 1901. Formann i skulestyret 1915-1927. Medlem av kommunestyret frå 1910, i formannskapet frå 1923, og ordførar 1929-1940. Han var også medlem i fylkesutvalet.
(1878–1963) fødd i Solund, busett i Måløy og Ålesund. Industribyggjar, hermetikkfabrikant og politikar.
Johanna Karine Lien
(1879-1954 ) frå Lia. Fiskarkone som etter ein bergingsdåd i 1918 fekk utmerking frå Carnegies Heltefond. Ho berga grannen og sonen hans som hadde kollsegla i uver.
(1882-) frå Kolgrov. Fiskebåt- og selfangstreiar, og ein av dei store reiarane i det norske selfangstmiljøet kring 1. verdskrig.
(1889-1955) frå Tungodden. Fiskar og organisasjonsmann.
(1895–1942) fødd i Solund som son av soknepresten der. Direktør og oberstløytnant.