|
Kristian Ottosen (i midten) etter heimkomstne frå tysk fangenskap. Til v. mora og til h. broren Halvdan. Foto: Odd Ottosen |
Kristian Ottosen (1921-2006) på Kverhella, busett i Oslo. Direktør, forfattar og motstandsmann under 2. verdskrig.
Kom med i motstandsgrupper i Bergen. Arrestert 25.06.1942, overført Veiten, overført Bergen 14.07.1942, overført Grini 1.09.1942, overført Sachsenhausen 10.12.1942, overført Natzweiler 14.06.1944, overført Dachau 5.09.1944, overført Ottobrünn 11.09.1944, overført Dautmergen 20.09.1944, overført Vaihingen 20.11.1944 og sat der til freden.
Han deltok etter krigen m.a. i "studentbrigadane" som dreiv dugnad på
Vikafjellsvegen. Vart seinare direktør for Studentsamskipnaden i Oslo.
I 1965 vart han formann i ”Ottosen-komitéen” som la fram utgreiinga om den høgare utdanninga i Noreg som m.a. førde til skiping av dei nye distriktshøgskulane frå 1969
Ottosen har hatt ei rad tillitsverv innan norsk kulturliv m.a. som styreformann for NRK 1972–1979 og Nationaltheatret 1981–1989.
Har skrive fleire bøker om krigsopplevingane sine, og var redaktør for storverket "Nordmenn i fangenskap 1940-1945" (Universitetsforlaget 1995) med eit komplett register over alle som sat i tysk fangenskap under 2. verdskrig.