SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Stryn:

Vegar i Stryn

Heilårsvegen over Strynefjellet vart opna i 1978.
Heilårsvegen over Strynefjellet vart opna i 1978.
Frå Stryn har det frå eldgamal tid gått ferdslevegar austover mot Gudbrandsdalen og fedriftene gjekk over Jostedalsbreen til Sogn. Den Trondhjemske Postvei over Utvik og Faleide var hovudvegen på Vestlandet for 200 år sidan. Mellom Utvik og Faleide gjekk også fylkets første bilferje, og heilårsvegen over Strynefjellet har gjort Stryn til eit knutepunkt i samferdsla for Fjordane og Sunnmøre.

Publisert 18.03.2002 13:27. Oppdatert 08.03.2007 12:54.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Opning av vegen Olden-Innvik 1936 [WM]  - Kong Haakon opnar vegen Olden-Innvik i 1936. Vi høyrer også fylkesmann Hans Seip og ordførar i Innvik kommune, Hallvard Sindre tale.

Driftevegane austover frå Stryn

Frå gamalt av var det ferdsle- og driftevegar til Austlandet over Strynefjellet mot Ottadalen.

Den Trondhjemske Postvei i Stryn

Den Trondhjemske Postvei mellom Bergen og Trondheim vart oppretta i 1795.

Turistvegane til Loen-Loenvatnet

vart opna 1881, og ferdig til Kjenndalen 1938.

Vegen til Briksdalsbreen

ferdig i 1888.

Stryn-Faleide

vart bygd tidleg på 1890-talet.

Strynefjellsvegen

Den første Strynefjellsvegen over Videsæter vart bygd 1894, først og fremst som turistveg. Då heilårsvegen over Strynefjellet vart opna av kong Olav V i 1978, vart den kalla livsnerven for Nordfjord mot aust.

Innvik-Utvik

var ferdig 1906.

Vegen Stryn-Loen-Olden

var ferdig i 1909. Vegen vart utvida til tofelts-veg på 1960-talet m.a. med tunnelen Stavenestunnelen på 333 meter på strekninga Stryn - Loen og Tyvanestunnelen på 197 meter mellom Loen og Olden.

Riksvegen mot Nordfjordeid

var ferdig 1911. I 1992 var vegen ferdig som to-felts veg, etter byggjearbeid som hadde pågått sidan 1966. Sjå Riksveg 15 gjennom Eid.

Samanhengande veg langs Strynevatnet

kom i 1923. Først då var det samanhengande veg mellom Nordfjord og Gudbransdalen – utan båtskyss på Strynevatnet.

Vegen på nordsida av fjorden

Fylkesvegen frå Faleide til Lote vart fullførd i 2005. Dei mange storslagne utsiktspunkta på vegen gjer at den i turistreklamen vert kalla ”Panoramavegen”.

Kjerrevegen over Utvikfjellet

vart avløyst av bilveg i 1934.
Frå opninga av Olden-Innvik 23. juni 1936. Kong Haakon i samtale med nokre av dei innbedne. Biletet er utlånt av Jon Rasmus Langeseth Vik

Samanhengande veg rundt Indre Nordfjord

kom først i 1936 med strekninga Olden-Innvik (opna av kong Haakon).
William Henry Singer jr. ytte store bidrag til denne vegen. Før den tid hadde trafikken gått med ferje Utvik-Faleide. Dette var den første bilferjestrekninga i Sogn og Fjordane.
På strekninga ligg den 94 meter lange Svartaholtunnelen - eller Vangsbergtunnelen som den óg vert kalla.
Minnestøtta for ekteparet Singer og arbeidarane på vegen Olden-Innvik. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Vegen til Flo

var ferdig i 1964. Den gav også vegutløysing til Skår og Veslebygda på nordsida av Strynevatnet.


MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no