SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn:

Idretten i Stryn

Tidleg ute med idrettstevlingar

Stryn kommune har markert seg som ei av dei store ”idrettskommunane” i Sogn og Fjordane, både med framståande utøvarar, og med økonomisk satsing på idretten:

Publisert 05.04.2002 13:02. Oppdatert 17.01.2007 08:26.
Den første organiserte idrettstevlinga i Nordfjord utanom, militæridretten på Nordfjordeid (sjå: Idrettslag og -anlegg i Eid) var truleg eit stemne i kappgang (!) i Innvik i 1872. Løypa var 4 km lang, og kontrollørar var postert ut for å sjå til at ingen sprang!

Skifabrikkar

Både i Utvik (sjå "Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik") og i Markane vart det starta skifabrikasjon i mellomkrigstida. Birger Fænn og Lars Hatledal i Markane dreiv skifabrikasjon, den siste heilt til 1970-talet.

Alpint på Strynefjellet frå 1937

Frå 1937 har det årlege Strynefjellsrennet i alpint vorte arrangert på Tystigen, der Stryn Sommarskisenter no ligg.

Holmøyskarrennet

er eit årleg turrenn på 26 kimolmeter i klassisk stil frå Kroken i Markane og over Holmøyskaret til skisenteret på Vangen i Fjelli. Holmøyskarrennet vart skipa til første gong i 1967, og det er Markane Idrettslag, Veten Idrettslag og Hardbagg Idrettslag som står føre arrangementet.

Enkeltprestasjonar

Olav B. Valaker frå Utvik tok bronse i Noregsmeisterskapen i høgdehopp i mellomkrigstida.
Læraren Gudmund Skrivervik frå Stryn har gjennom 1990-talet sanka 7 gull i friidrett og meistertitlar i veteran-VM, og 9 gull i veteran-EM.

Fotball-eventyret Flo

Frå 1990-talet er det særleg fotballmiljøet kring Flo-gutane i Stryn som har vorte internasjonalt kjent.

Tre alpinanlegg

Stryn kommune har satsa meir enn mange kommunar på idrettsanlegg - Utvikfjellet, Stryn Skisenter og Strynefjellet.

Andre idrettsanlegg i Stryn

Langrennssenteret Ullsheim i Markane opna 1982, og skisenteret Vangen med Bjørkelibakken på Nordsida opna 1992. Også omtale av Fjelli, symjehall, Strynehallen og Styrkhallen.


IDRETTSLAG - ordna etter startår:

Første skyttarlaget

Det første skyttarlaget i Indre Nordfjord vart skipa i Markane i 1880.

Innvik Skyttarlag

vart skipa kring 1880. I 2007 slo laget seg saman med Utvik Skyttarlag til Innvik og Utvik Skyttarlag.

Utvik Skyttarlag

vart skipa i 1884 av Ole Larsen Myklebust. I 2007 slo laget seg saman med Innvik Skyttarlag til Innvik og Utvik skyttarlag. Den mest framståande prestasjonen til lagsmedlemmer var då Leif Myklebust vann Aftenpostens sølvfat på eit landsskyttartemne på slutten av 1950-talet.

Markenes Travclub

Seint på 1800-talet dreiv eit selskap som kalla seg Markenes Travclub veddeløpskøyring med hest på det islagde Langesetvatnet.

Stryn Turn & Idretsforening

vart skipa i 1898. Laget fekk den første storhallen i fylket, Strynehallen, i 1987.

Oldedalen Skyttarlag

vart skipa ca. 1900.

Styrk Idrettslag

i Innvik vart skipa i 1902 Laget bygde på 1980-talet Styrkhallen.

Hardbagg

- stort lag i lita bygd. Hardbagg idrettslag, skipa i Randabygda i 1902, står i ei særklasse i fylket si skihistorie.

Utvik Idrettslag

vart skipa i 1902 og stod i mange år som medskipar av Brekkestemna på Utvikfjellet saman med Breim Idrettslag (sjå Idretten i Gloppen). I 1963 bygde laget etter opptak av Ola A. Valaker saman med idrettslag frå Breim alpinanlegg på Utvikfjellet (sjå Idretten i Gloppen).

Markane Idrettslag

vart skipa 1905.

Fjell Idrettslag

på Nordsida i Stryn vart skipa i 1909. Dette gjekk i 1968 inn i Veten Idrettslag.

Oppstryn idrettslag

vart skipa i 1911. Fekk den første ”friidrettsprisen” for godt lagsarbeidet i fylket i 1988.

Olden idrettslag

vart skipa i 1920.

Blakset Skilag/idrettslag

vart skipa i 1920, og gjekk frå 1968 inn i Veten Idrettslag saman med Fjell idrettslag.

Loen idrettslag

vart skipa i 1944.

Tistam idrettslag

vart skipa i 1955.

Veten idrettslag

vart skipa i 1968 ved samanslåing av Idrettslaget Fjell og Blakset Idrettslag. Dette siste heitte i starten Blakset Skilag.

Innvik og Utvik Skyttarlag

vart skipa i 2007 ved at Innvik Skyttarlag frå 1880 og Utvik Skyttarlag frå 1884 slo seg saman.

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no