SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Stryn:

Tendens Hotell og Central Hotell

Hotell Central stod ferdig i 1894.
Hotell Central stod ferdig i 1894.

Tendens Hotell

på Faleide vart grunnlagt 1872 av Olai Tenden frå Stryn. Dette var det første eigentlege turisthotellet i Stryn og i Nordfjord i det heile.

Publisert 05.04.2002 16:01. Oppdatert 24.02.2005 14:23.
Tendens Hotell på Faleide var det første turisthotellet i Nordfjord.
På Faleide kjøpte han først ein landhandel som hadde vore driven frå 1858. Faleide var på den tid endestopp for Amtsbaatane på Nordfjord-ruta, og låg ved Den Trondhjemske Postvei i Stryn, som sidan 1795 hadde kryssa fjorden her. (Sjå: "Bygdesenteret Faleide".)

Olai Tenden.



Olai Tenden bygde første hotellet i 1872, og nytt hotell med 55 senger i 1884. I den første turisttida gjekk turistane i land frå Amtsbåtane på Faleide, og vart skyssa i lokalbåten ”Faleide” inn til Loen og Olden, der bøndene tidleg danna skysslag som frakta utlendingane opp til Lodalen og Briksdalen. Men då Strynefjellsvegen var ferdig i 1894, og Visnes i Stryn fekk dampskipskai, kom Faleide lenger ute ved fjorden i bakleksa.

Central Hotell vert bygt

Hotellet vart bygt i sveitsarstil.
Olai Tenden kjøpte difor i 1891 lensmannshuset ved kaia på Visnes, og i 1896 stod det storslagne Central Hotell med sveitsarstil og drakehovud ferdig. Byggmeister var Knut Maurset, og truleg var det bygningsingeniøren Lars Nilsson Sølvberg frå Utvik som hadde teikna bygget. Like ved låg frå før Visnes Hotell.

Etter nokre år overlet Olai Tenden drifta av Central Hotell til sonen Peter Tenden. Sjølv drog han tilbake til Faleide og dreiv hotellet der til han selde i 1906.

Visnes i bakleksa

Men det gjekk ikkje mange år før også Visnes kom i bakleksa. Då vegen frå Stryn til Loen kom i 1906 og vidare til Olden i 1909, stoppa ikkje turistane lenge på Visnes, men reiste direkte inn til hotella i Loen og Olden. Dette vart forsterka av den aukande turistskipstrafikken –kalla ”flytande hotell”, som starta i 1896 med skipet ”Midnight Sun” og ”Argonauth”.

Tap for Central Hotell

Central Hotell vart eit tapsprosjekt for Olai Tenden (d. 1908) og sonen Peter Tenden. Frå 1914 hadde han leigd ut annekset til fylket som husmorskule, og i 1916 gav han seg med hotelldrifta og selde husa.

Ekteparet Walston restaurerte hotellet.
Etter at husmorskulen flytta til nye lokale på 1960-talet, stod Central Hotell lenge til nedfalls, og kommunen vedtok riving. Men på 1980-talet overtok ekteparet Møyfrid og Michael Walston bygningen og restaurerte den til fordums prakt.

I 2000 kjøpte eigaren av nabohotellet Visnes Hotell det gamle Central Hotell, og har sidan freista å drive begge dei to historiske hotella som hotell og selskapslokale.

Sjå også:
· Husmorskulen i Stryn


Hotell Central er framleis ein staseleg bygning. (Foto: Terje Dahle, NRK)


MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no