Markus Anderson Loen (1862–1927) frå Loen.
Son til Anders Loen og far til
Richard Loen.
Direktør ved familiebedrifta
Alexandra Hotell frå 1890 til han døydde 1927. Hadde lært engelsk etter ein tur i Amerika, og oppheldt seg i Tyskland i 1898 for å lære tysk. Han kjøpte i 1895 det konkurrarande nabohotellet Kvammes Hotell, og bygde i si leiartid ut Alexandra til eit av dei største turisthotella på Vestlandet, med 133 senger.
Hadel i Kalvåg
Han dreiv landhandel ved sida av, og eit par år dreiv Loen også handel i Kalvåg i fiskesesongen (sjå "
Fiskeværet Kalvåg").
Med i dampbåtlag
Markus Loen var med og skipa Lodalen Dampbåtlag, som i 1892 sette inn dampbåten ”Gordon” (kjøpt frå Breimsvatnet – sjå
Re) i turistrute på Loenvatnet. Seinare bygde han restaurant ved breen i Kjenndalen.
Formann i billaget
Var med på å starte
Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L i 1914. Formann i billaget i seks år.
Kjøpte hotell i Ålesund
Markus Loen kjøpte i 1918 Grand Hotell på Åndalsnes og let sonen Alfred Walter Loen (1891– 1936) drive det fram til hotellet gjekk konkurs i 1932. I 1920 kjøpte Markus Loen eit hotell i Ålesund og kalla det West Hotell. Dette dreiv sonen
Richard Loen i to år før hotellet vart lagt ned.