Handelen gjekk føre seg i Perhus-tunet ved utløpet av Stryneelva. Staden er også omtala som Stryneøyra. Her var det godt tilflot for jekter. Seinare får Perhus-tunet også gjestgiveri med skjenkestove. På Tonnings-garden var det også tingstad, her heldt også den årvisse Strynemarknaden til.
Gardstunet brann
Tonning var ein storgard som dekte det meste av det som no er Stryn sentrum nord for elva. Gjennom tida har Tonning delvis vore ein gard, delvis delt i fleire gardar. Fleire gravhaugar vitnar om eldgamal busetnad. Den største gravhaugen, Rognehaugen, skal etter segna vere gamal tingstad frå norrøn tid. Garden hadde to sager og to kverner.
Storbrann
I mai 1721 vart 20 hus i tunet på Øvre-Tonning øydelagde av brann. Noko av det som strauk med, var Stryne-kompaniet sine våpen og uniformer.
Tonning som by?
Tidleg på 1800-talet arbeidde sterke krefter for å gjere Tonning til ladested – d.v.s. gje grenda bystatus. – Les elles meir om stader som var aktuelle som ladested under kommunane Lærdal og Flora.
Kremmaren i Perhus-tunet
Før det vart handel i Perhus-tunet, var det handel på
Storgarden Vik lengre nordvest i fjordbukta. Den første handelsborgaren på Tonning kom i 1615, då Jens Bloch (d. 1649) starta handel ved elva. Frå 1641 var det bergensaren Garbrand Corneliussen(d. 1656) som dreiv kremmarleiet, og han har truleg vore gift med dottera til Bloch.
Frå 1659 er det lensmannssonen Peder Rasmusson Tonning som eig Perhus-tunet og driv handelen der. Han er ættefaren til slekta som dreiv handelen på Tonning fram til 1829.
Første kjøpmann av bondeætt
Peder fekk borgarskap i Bergen i 1654, og var ein av svært få utanfor dei aristokratiske kjøpsmannsslektene i Bergen som fekk drive handel på Vestlandet i denne tida då slike privilegium vart vakta nøye på av den bergenske overklassen. Truleg er Peder Pederson Tonning den første av bondeætt i Sogn og Fjordane som fekk tildelt borgarbrev og dermed handelsløyve.
I tillegg til handelen, dyrka Peder opp jorda og bygde fleire hus på Tonning. Han dreiv også sagbruk i Vikaelva. Sjølv om Peder tapte mykje pengar på ein kausjon for den svikefulle Nordfjord-futen Mads Biørnschou, så var han ein rik mann då han døydde i 1702. I tillegg til eigedomane på Tonning eigde han gardar kring heile innfjorden. Nokre gardar hadde han kjøpt frå krungodset. Andre hadde han slege under seg som oppgjer for gjeld.
Også handel i Olden
Sidan den eldste sonen, Rasmus Tonning, drog til Bergen og vart kjøpmann der, vart det den andre sonen, Peder Pederson Tonning d.e.(1663–1725) som overtok handelen i Perhus-tunet i 1685. Handelsmannen på Tonning fekk frå 1715 privilegium for handel og gjestgiveri på Oldeøyra i Olden, og låg støtt i strid med kremmaren i Utvik om rettane til handel i indre fjorden. Han var også harm fordi ein heimkomen soldat hadde slege seg til med handel i Olden utan å ha løyve til det. I 1720 klagar han dessutan over at bøndene reiser med jordbruksvarene sine til Bergen og byter til seg kjøpevarer der i staden for å handle gjennom kremmaren på Tonning.
Frå 1739 overtok Tonning også retten til å drive gjestgiveri i Innvik - rett nok berre som filial under Tonning. Her tilsette han Hans Hansson som filialstyrar.
Eigde Olden-kyrkja
Enkja Ingeborg styrde handelen frå Peder døydde i 1725 og fram til sonen
Peder Pederson Tonning tok over i 1734 både på Tonning og i Olden. Medan mora hadde opparbeidd mykje gjeld og måtte pantsetje ein stor del av eigedomane i den tida ho dreiv, makta Peder å snu utviklinga, og løyste inn det meste av gjelda i 1739. Også Peder Pederson Tonning d.y. kom støtt i strid med folk som dreiv konkurrerande verksemd med handel og tømmer kring indre fjorden.
Tonning-folket eigde også ei tid den gamle Olden-kyrkja, der Peder Pederson Tonning d.y. gav altartavla til kyrkja. Over inngangsdøra på kyrkja står det framleis innskrive PPT, som er initialane til kyrkjeeigaren Peder Pederson Tonning d.y.
|
Våningshuset frå 1765 er freda. |
Det var også Peder Pederson Tonning d.y. som i 1765 bygde det staselege herskapshuset i Perhus-tunet, det som seinare har vorte kjent som
Valhalla Hotell.
Bygde handelsstaden Vågsberget
I 1777 kjøpte den eldste son til Peder Pederson Tonning d.y., Peder Tonning (1738–1811),
Handelsstaden Vågsberget og bygde den stort ut, m.a. med det staselege hovudhuset, og fleire sjøbuer. Sidan odelsguten drog til kysten, vart det den nest eldste sonen, Ole Pederson Tonning (ca. 1740–ca.1825) som overtok odelsgard og handel på Tonning og i Olden. Døtrene til begge brørne vart ”godt” gifte, som ein sa, til rikfolk som m.a. ætta frå futen
Hans Thiis Nagel og
Claus Frimann på Davik.
Tonning til Ålesund – Brandt overtek
Etter fem døtre, fekk endeleg Ole Pederson Tonning ein odelsgut i 1782. Peder Olson Tonning (1782–1839), sjå
Kjende personar i Stryn fødde år 1500-1800 tok over handelsprivilegia på Tonning i 1825, men hadde alt i 1812 flytta til Ålesund. Der gjorde han karriere som sjøoffiser, postmeister og tollkassestyrar, og vart i 1838 vald til den første ordføraren i Ålesund. I 1814 vart han valt til stortingsmann for Møre og Romsdal fylke.
I 1829 selde difor faren, Ole Pederson Tonning, handelssetet på Tonning til nordlendingen
Peter L. Brandt. Han vart den første ordføraren i Stryn kommune i 1838.
Dei fleste priviligerte handelsseta fekk vanskar då handelsprivilegia vart oppheva i 1844. Difor vart også handelsstaden Tonning slegen konkurs og lagt ned då Brandt døydde i 1873, og eigedomen selt og bytt ut mellom nye eigarar.
Brandt var barnlaus, og tok difor til seg Wilhelmine Todsen som fosterdotter. Ho vart gift med
Olai Tenden, hotellpionéren som starta som butikkbetjent hjå Brandt, men som slo seg opp som handelsmann og hotelleigar på Faleide, og som seinare bygde det velkjende Hotell Central (sjå
Tendens Hotell og Central Hotell) på Visnes i Stryn.
Våningshuset frå 1765 i Perhus-tunet er freda, og har frå 1899 vore nytta som gjestgjeveri og hotell, under namnet
Valhalla Hotell.