SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn:

Fornfunn i Stryn

Steinalderen

Steinalderøkser funne i Loen og på Muri i Olden viser at det har budd folk i Indre Nordfjord for over 6000 år sidan.

Publisert 08.04.2002 14:32. Oppdatert 17.04.2002 10:51.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Bronsealderen

Frå bronsealderen ligg det store røyser m.a. på Bruland i Utvik, Sølvberg på Nordsida, Hildaneset i Innvik, og Rake i Loen.

Jernalderen

Denne øksa frå vikingetida vart funnen i Oppstryn i 1994.
Frå jernalderen er det sparsamt med funn i Stryn, men forskarane meiner Indre Nordfjord truleg var eit sentralt område for utvinning av jernmalm og omsetning av jernemne. I yngre gravrøyser er det m.a. funne mykje smie-reidskapar, og lokale tradisjonar med ljå- og navarsmiing kan ha røtene heilt tilbake til vikingetida (sjå og om smedkulturen under "Historia i Hornindal").

Helleristingar

På Kårstad mellom Innvik og Utvik er det funne ei stor helleristing frå 200-300 e. Kr. Den viser m.a. bilete av åtte skip, det tradisjonelle hakekorset, og eldre runeskrift. Ristinga vart sprengd sund ved vegbygging, og er no stilt ut i hagen ved Bergen Museum. Runene fortel om to menn frå bygda som hadde budd lenge i utlandet – den eine truleg i Bøhmen. Steinen er eit av dei viktigaste dokumenta i norsk historie frå denne epoken.

Mystisk steinhelle

På Kyrkjeeide i Stryn vart det i 1886 funne ei steinhelle med mystiske teikn og figurar. Fleire ekspertar meiner teikna liknar på symbol som ein finn på monument i Skottland frå 700-talet. Ein meiner at teikna på Stryn-steinen kan vere eit prov på at kristendomen hadde slått rot i Nordfjord ca. 300 år tidlegare enn den offisielt vart innført i Noreg.

Vikingefunn

Frå vikingetida skriv eit av dei rikaste funna seg frå ei branngrav etter ei kvinne på Hilde i Innvik. Ho var gravlagd med kostelege smykke og fullt kjøkenutstyr, og ein jernring med påhengde amulettar som symboliserer guden Tor sin hammar. Grava er frå 900-talet.

Tidleg på 1800-talet fann ein m.a. franske sølvmyntar i ei grav på Lyslo i Innvik. Denne skreiv seg og frå vikingetida.

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no