SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn:

Ulukker og naturkatastrofar i Stryn

Ras frå fjella i Stryn har teke mange menneskeliv.
Ras frå fjella i Stryn har teke mange menneskeliv.
Ingen kommune i Sogn og Fjordane har vore heimsøkt av så mange og store ulukker etter steinskred og snøfonner som Stryn kommune. I oversynet nedanfor er berre ulukker med to eller fleire omkomne, og ulukker under særskilde omstende tekne med. Fram til 2004 er det i dette oversynet registrert 251 menneske som er omkomne i snø- og steinskred i Stryn kommune:

Publisert 09.04.2002 09:28. Oppdatert 29.11.2006 11:37.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Brurefylgje frå Jostedal drukna

I Oppstryn går det ei segn om eit brurefylgje frå Jostedal som hadde kome over breen til vigsle i Oppstryn-kyrkja. På Strynevatnet gjekk brurebåten på ein stor stein under vassflata. Båten kvelva, og alle ombord drukna. Steinen vert kalla Dåren og ligg ved garden Dårflot.

Den vesle istida

Den vesle istida vart tida frå slutten av 1600-talet og fram mot 1800 kalla. Middeltemperaturen i Noreg fall dramatisk. Armane på Jostedalsbreen skaut fleire kilometer frametter dalane, og mange liv gjekk tapt.

Ca. 1657

skal eit steinskred ha teke med seg både folk og hus på ein handelsstad som låg ved fjorden på Skarstein i Olden. Også tunet på garden Heggestad vart rasert av eit steinras på same tid, og ei veldig ur, Heggestadura, la seg utover og dekte bøane nedanfor tunet. Også Knarreura vart til etter desse rasa. To mindre skip som låg ved stranda, vart også øydelagde, seier segna.

I 1668

køyrde fire menn frå Oppstryn gjennom isen på Strynevatnet og drukna. Garden deira vart fråflytta etter dette.

I 1693

sopte ei snøfonn gardstunet på Førde i Oldedalen på vatnet, og fleire menneske omkom, ukjent kor mange.

I 1702

fraus Hugleik Tungøen (sjå ) frå Oldedalen i hel i Sværeskaret på Gaularfjellet då han var på reise for å klage si naud til øvrigheita over uåra og ulukkene i Oldedalen.

I 1714

omkom ein mann då fire hus i Loen-tunet brann ned. Også i 1650 vart Loen-tunet heilt rasert av brann, men ingen omkom.

17. mars 1718

var ein ulukkesdag i Indre Nordfjord med 16 drepne:

I 1726

vart fire menneske på Eide i Olden drepne av eit snøskred medan dei frakta høy frå ei utslåtte.

3. april 1727

raserte ei fonn fleire tun på Øvre Flo og mange menneske vart drepne. I alt ni hus på bruk nr. 1 på Øvre Flo vart øydelagde, og to kvinner og to jenter vart drepne. Alle krøtera på garden vart drepne. I eit nabotun vart også krøtera drepne og husa øydelagde.
På nedre Flo fekk bruk nr. 9 øydelagt ni hus, to eplehagar vart raserte, og 30 sauer og hesten på garden vart drepen. Bruk nr. 2 miste 20 sauer då to fjøsar vart tekne av fonna.

12. desember 1743

vart fire menneske drepne, to gardbrukarpar, av vassflaum over Tungøenøyane i Oldedalen. Ein dreng og ein 12 år gamal gut berga seg då heile tunet vart sopt på elva.

5. februar 1755

omkom 11 menneske på garden Helset ved Loenvatnet i eit snøskred som øydela 12 hus i tunet og drap 30 husdyr. Etter denne ulukka vart husa flytta til Neset.

I 1756

miste far og son på garden Skår i Oppstryn livet då dei vart tekne av ei elvedemme som brast og reiv med seg kvernhuset der dei to arbeidde.

23. desember 1764

vart fire menneske frå garden Holen aust for Innvik gravlagde. Det var eit ektepar og sonen og bestefaren i huset. Truleg har dei omkome på sjøen.

I 1769

omkom to gardbrukarar på Eide i Olden, truleg i eit snø- eller steinskred.

I 1775

drukna to menn, den eine frå garden Haugen ved Blakset og den andre frå Flore i Markane, då dei gjekk gjennom isen i Kjøsapollen i Hornindalsvatnet.

I 1776

drukna ein gardbrukar frå Bruvoll i Olden og ei tenestejente frå Melheim i Nordfjorden.

Åtte menn drukna

Palmesundag 1796 omkom sju mann frå Loen og ein frå Oldedalen ved Tyvaneset då dei i roleg ver skulle ro frå Loen til Olden. Kva som hende, er ikkje nærare kjent, men truleg har folket ombord vore urolege slik at båten kvelva.

I 1805

vart hus og jordveg på Stauri i Stryn øydelagde då ei flaumelv tok nytt far. Mange av dei som budde i tunet, vart gravlagde i raset, men berga av folk som kom til.

I 1807

drukna to kvinner då båten deira kollsiglde på Oldefjorden. To menn frå Loen-garden Marså var ombord, men berga seg.

I 1815

drukna ein gut frå Myklebust i Oldedalen i Oldenelva. I 1839 drukna broren då han gjekk gjennom isen på vatnet.

I 1824

drukna to menn frå Flo og Sigdestad og ein mann frå Lesja i Strynevatnet utanfor Glomnes.

I 1825

omkom eit ektepar i ein brann på garden Gytri i Oldedalen.

I 1827

vart ein eldre gardbrukar på Kyrkjeeide drepen av ei snøfonn.

I 1827

vart to unge brør frå Loen drepne av ei snøfonn.

I 1835

omkom ein to år gamal gut på garden Lindvik i Oppstryn då han fall i ein kokande kjele.

I 1840

fraus ein 27 år gamal mann frå garden Teigen på Blakset i hel. Omstenda kring ulukka er ikkje kjende.

I 1841

døydde ein seks år gamal gut på Skåden i Innvik etter at han fekk ein syl i hovudet.

Ca. 1845

omkom to menn frå Sandvik og Nedre-Flo i Oppstryn då dei gjekk seg ned i bréisen i Lodalen.

18. februar 1849

vart tunet på garden Rustøen i Oldedalen sopt bort av ei snøfonn, og 11 menneske vart drepne.

I 1849

vart ein unggut drepen av ei snøfonn på garden Kvamme i Oldedalen.

I 1850

omkom ei kvinne på garden Berge i Utvik då ei snødemme i ei elv brast og braut ned over garden.

I 1855

miste to unge menn på 18 og 20 år livet då ein snøskavl braut ut ovanfor garden Årnes i Oppstryn.

I 1857

drukna tre menn, frå Nesdal, Sandvik og Nedre-Flo, då dei gjekk gjennom isen på Loenvatnet.

I 1862

vart ein mann frå Skåre i Oppstryn drepen av eit steinskred.

Ulukkesvinteren 1868 i Stryn

Vinteren 1868 var den verste katastrofevinteren som har råka Vestlandet nokon gong. I alt vart 150 menneske drepne av jord- og steinskred. I Sogn og Fjordane var det 59 drepne. Berre i Stryn vart 39 menneske drepne på gardane Gjørven, Tenden og Sundal. (Sjå video om "Rasvinteren" øvst på sida.)

Den 2. januar 1868

kollsiglde ein storebåt frå Randabygda i Lotsfjorden, og fire menn drukna. To andre ombord på båten, som var på veg til kystfiske, berga seg.

Den 15. mars 1869

omkom ein far og dottera i ein brann på garden Bak-Yri i Oldedalen.

I 1873

miste to menn frå Meland og Dårflot livet ved drukning i Strynevatnet.

I 1874

drukna ein ung mann frå Gytri då han gjekk gjennom isen ved Sunde i Oldedalen. I 1895 omkom også sonen ved drukning.

I 1879

drukna far og son frå garden Skår i Lundeosen i Strynevassdraget.

Ca. 1880

omkom ein mann frå Sunde i Oldedalen då han vart teken av ei snøfonn i Flåtane. Nokre år seinare vart sonen drepen av eit steinras i Sundestranda.

I 1882

vart ein mann frå Glomnes i Oppstryn drepen av eit steinsprang.

Den 2. mars 1885

rasa Kvitehammaren over garden Raudi ved Loenvatnet ut.

I 1886

drukna fire mann frå Randabygda då båten deira kvelva i Lotsfjorden på veg mot fiske ute ved havet.

Ca. 1890

omkom ein ung mann frå Håheim i Oldedalen då han vart teken av snøskred under jakt i Sundsdalen.

I 1896

vart to kvinner og ein mann frå Nesdal drepne av eit steinskred medan dei dreiv med slått i ein utmarksteig i Kjenndalen i Lodalen. Ein mann vart sterkt skadd av det same raset.

I 1896

drukna to menn frå gardane Yri og Flåten i Oldenvatnet.

I 1903

drukna ein gardbrukar frå Vanberg i Olden, dottera hans og ein tenestejente i fjorden utanfor Holen.

Forliset med emigrantskipet «Norge»

Sjå Eid kommune.

I 1904

køyrde ein 12 år gamal gut frå Hopland seg i hel med hest.

Lodals-ulukka 1905

15. januar 1905 rasa det 1500 meter høge Ramnefjellet ut, og 62 menneske omkom.
– Sjå samleartikkel om Lodals-ulukkene

I 1907

vart tunet på Tunold i Oppstryn sopt bort av ei snøfonn, og tre born omkom. Fleire gonger tidlegare har Tunold-gardane vorte skadde av snø- og steinskred. Etter ei storfonn i 1737 vart garden bygd opp att i to tun.

I 1907

drukna far og son frå garden Beinnes i Olden ved Gjerdenaustet.

Den 7. juni 1912

drukna ein ung mann frå garden Bruvoll i Olden då ein motorbåt som høyrde til turistskipet ”The Viking”, rende båten hans i senk på Auflemvika.

I februar 1922

drukna ein mann frå garden Sigdestad då han gjekk gjennom isen på Oppstrynvatnet.

I 1929

omkom ein 35 år gamal mann frå Hatledal under tømmerløyping på Svarstad.

I 1934

omkom ein turist ved Briksdalsbreen. Ho vart drepen av ei isblokk då breen ”kalva”.

I 1934

gjekk ein eldre mann frå garden Haugen ved Blakset utfor fjellet og drap seg. Sonen drukna i Strynselva nokre år tidlegare.

Loen-ulukka 1936

Ved femtida om morgonen den 13. september rasa det på nytt i Ramnefjell, og 74 menneske omkom. Sjå samleartikkel Lodals-ulukkene.

I 1943

drukna tre menn, to frå Frøyset og ein frå Kandal i Breim, då ei skute lasta med ved kantra då den skulle svinge inn til kaia på garden Frøyset vest for Utvik.

8. mars 1949

omkom faren og ein fire år gamal son frå garden Søre Strand i Oldedalen då dei vart tekne av ei snøfonn.

I 1953

drukna ein to år gamal gut frå Tistam, og tre år seinare drukna broren då han var åtte år gamal.

I 1960

brann far og to born inne ved ein husbrann i Veslebygda ved Strynevatnet.

I 1963

drukna fire unge jenter frå Flo då dei gjekk gjennom isen på Strynevatnet på veg til Hjelle.

I 1998

omkom to ungdomar og ein eldre mann frå Stryn (Agnar Ulvedal) i ei trafikkulukke ved Tunold.

I 1999

omkom ei japansk kvinne i ei ulukke med hesteskyss i Briksdalen. Etter ei ny ulukke sommaren 2004, då 15 turistar vart skadde då hestane vart skremde og sprang ut, vedtok Olden skysslag å slutte med den tradisjonsrike hesteskyssinga til breen.

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no