Helje Bagge, fut i Nordfjord kring 1515, busett på Heggdal i Innvik. Han slutta i embetet kring 1525.
Jakob Madsson
fødd i Danmark, var den første lutherske presten i Innvik prestegjeld. Han hadde embetet eitt års tid frå 1552. Før det var han rektor ved latinskulen i Bergen, og etter tida i Innvik i same stilling i Stavanger.
Jon Mogenson Schanke (ca. 1570-1617) – best kjend som Meister-Jo – var sokneprest i Innvik frå 1597 til 1617, då han vart avretta ved halshogging.
(ca. 1615–1701) frå Tonning. Handelsmann på Tonning, og ættefar til den kjende handelsslekta Tonning.
Hugleik Tungøen
(1649–1706) frå Oldedalen. Bonde, som etter at han vart heimsøkt av brann og snøskred på garden, drog til København for å be kongen om hjelp. Under ei liknanden ferd til Oslo i 1706 kom han opp uver i Sværeskaret ved Balestrand og fraus ihjel. Både i Sværeskaret og i Oldedalen er det reist minnesmerke over Hugleik. (Sjå "
Den vesle istida").
(1708–1798). Handelsmann på Tonning
Fredrik v. Meidel
(1715–1783), oberst, og ein av dei første kommandantane til Strynske Compagnie(sjå "
Krigshistoria i Stryn"). Sjølv om eksersisplassen låg i Stryn, busette Meidel seg på Verlo i Utvik. Mannen vart på folkemunne kalla ”Stor-Meidelen”, fordi han var stor og sterk. Segna seier at han gjorde honnør med ei kanon i staden for gevær!
Peder Pederson Tonning
(1738–1811), kjøpte i 1777
Handelsstaden Vågsberget og bygde den mykje ut med hovudhus og mange sjøbuer. Son til
Peder Pederson Tonning.
(1740–1809) frå Årnes i Oppstryn. Skulehaldar og forfattar.
(1760–1830) busett i Lærdal og Fresvik. Slekta ættar frå Hilde i Innvik. Handelsmann og godseigar.
(f. 1762-1844), var frå 1802 den første distriktslegen i Sunnfjord og Nordfjord, og sat i embetet til 1834. Han budde i Innvik 1799 til 1844.
( 1764 - ?) frå Valdres, busett i Loen. Rosemålar og plassmann.
Peder Tonning
(1782–1839) frå Stryn. Han var son av handelsmann Ole Tonning i Stryn, men reiste til Ålesund, der han vart første ordførar i den nye byen. Han var elles postmeister, tollkassestyrar og divisjonssjef for sjøvernet i Ålesund. Representerte Romsdals amt på det ekstraordinære Stortinget hausten 1814, og representerte også amtet ved seinare høve.
Jørgen Fredrik Spørck
(1787–1866). Offiser og politikar. Frå 1824 kompanisjef for Strynske Kompani i Nordfjordske Nationale Musketerkorps. Var 1842-1843 andre ordførar i Stryn kommune. Busette seg på Lunde og åtte ei tid heile Grova-bruket. Vararepresentant til Stortinget.
(1791–1843) frå Årnes i Oppstryn. Bonde og bygdedokter.
Harald Kolbeinson Guddal
(1798–1887) frå Oppstryn. Bonde og politikar. Var varaordførar i første kommunestyret i Stryn, og stortingsrepresentant 1842.
f. 1798 på Ytreide i Stryn vart tilsett som lærar i Oppstryn 1831.