Førre side:
·
Kjende personar i Stryn fødde år 1500-1800
(1801-1873), eigar av Tonning handelsstad frå 1829, var den første ordførar i Stryn kommune, som fram til 1845 også omfatta Innvik kommune.
(1801–1863) frå Innvik. Bonde og jekteskipper.
Anders Magneson Brekke
(1801–1840) frå Stryn. Bonde og politikar. Stortingsrepresentant 1839.
(1802-1889). Plassmann og postførar.
(1809–ca. 1855). Frå Oppstryn, busett i Bergen. Lærar og jurist.
(1812–1867), namngjeten, sjølvlærd bygdedoktor. Til han kom pasientar både frå Fjordane og Sunnmøre.
Ola Olson Flore
(1813–1873) frå Innvik. Lærar, bygningsmann og politikar. Han bygde kyrkjer i Oppstryn og Nedstryn, og var den første i distriktet som hadde sirkelsag. Han laga og truskemaskiner. Flore var ordførar, og vararepresentant til Stortinget 1848.
(1817–1861) frå Stryn. Bonde på storgarden Vik og første ordførar då Stryn vart skild frå Innvik som eigen kommune i 1845.
Mattis R. Eide
(1821–1903) frå Eide i Olden. Bonde og bygdedokter. Han var kjend som ein dugande som bygdedokter som vart søkt av folk vide omkring.
(1824–ca. 1895) frå Markane. Meisterspelemann og slåttekomponist.
(1827-1909), frå Valaker i Utvik, busett i Stryn. Veverske og forfattar.
Erik Jørgenson Bolstad
f. 1829 på Bolstad. Prest og lærarutdanna, og frå 1831 styrar ved lærarskulen Kristi Krybbe i Bergen. Skreiv etter oppmoding frå Ole Bull prologen ved opninga av Noregs første teater i Bergen 1852. Tok seinare juridisk embetseksamen, og kjøpte og busette seg på gjestgjevarstaden Alværsund i Lindås.
(1829-1907), fødd i Grong, busett i Oslo. Vegdirektør og friluftspionér.
James Cowan
- den første engelske sportsfiskaren i indre Nordfjord.
(1832-1896) frå Stryn. Grunnla Bergens Tidende og J.W. Eides Boktrykkeri i Bergen i 1868.
|
Per M. Bolstad. (Foto © Fylkesarkivet) |
(1833-1910), frå Oppstryn, busett i Ålesund. Spelemann og slåttekomponist.
(1834–1892) frå Stryn. Bonde, offiser og politikar.
Anders Markusson Loen
(1835–1925) frå Loen, grunnla 1868 landhandel i Loen, og 1870 bygde han nytt hus med overnatting i 2. høgda. Dette var grunnlaget for det som i 1884 vart
Alexandra Hotell. Han var også postopnar og damskipsekspeditør frå 1875. Far til
Markus Loen.
f. 1835 på Haus i Hordaland. Kjøpte handelsstad og gjestgiveri i Utvik.
Ola Monsson Kleppe
(1838–1904) frå Utvik. Slo seg stort opp som hestehandlar, og tente ein formue på å selje hestar til den fransk-tyske krigen i 1870-åra. Nedgangstider like etter tynte formuen, og Ola avslutta si forretningskarriere som landhandlar på Reed i Breim.
Iver Johnson
(1841-1895) frå Flo. Gjekk i børsemakarlære og utvandra til USA i 1863, der han i 1871 starta ein revolverfabrikk saman med ein annan nordmann. Frå 1885 produserte dei ”The Iver Johnson Bicycle” – ein sykkel som vart kjend over heile verda. Han bygde etter kvart ein fabrikk på 150.000 kvadratmeter, og vart ein grunnrik mann.
Lars Jansen Batalden
(1841–1929) frå Batalden, busett i Olden og Eidsvoll. Også kalla Batalde-Lars. Fjellklatrarpionér og turistbåtførar i Nordfjord. – Sjå
Lars Jansen Batalden – Flora kommune.
(1844-1909) frå Bergen, oppvaksen i Innvik. Prest, ordførar i Sogndal og styrar av
Sogndal folkehøgskule. Stortingsmann for Høgre.
(1844–1909), fødd i Bergen. Handelsmann og hotell-pionér.
(1845–1914) frå Innvik. Lærar og politikar.
(1845-1892) var distriktslege i Indre Nordfjord 1885-1891 og var mannen bak Skålatårnet.
(1846-1917) frå Olden. Hotelleigar. Bondeson som i 1874 kjøpte den gamle handelsstaden på Oldenøyra og bygde hotell ved elva.
(1847-1934) frå Vassenden i Loen. Mekanikar og kraftpionér.
Johan Johannesson Loen
(1848–1905). Kjøpte 1878 gjestgiveri og landhandel av
Jacob Neumann Hammer i Utvik, og bygde i 1890 Hotell Britannia. I dag er bygget kjent som Gjestgivergården.
(1849–1924) frå Utvik. Skreddar og spelemann.
Halfdan Torp
(1849–1888) frå Innvik. Vart overrettsakførar og byfut i Risør, og redigerte ”Nedenæs Amtstidende” 1876-1882. Stortingsrepr. for Høgre frå Risør 1886-1888 etter å ha vore vararepr. 1880 –1885.
(1849–1929). Britisk fjellklatrar og skribent.