SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Stryn fødde år 1850-1875

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 10.04.2002 15:28. Oppdatert 29.08.2008 09:52.
Førre side:
· Kjende personar i Stryn fødde år 1800-1850

Peder Larsson Sunde

(1850–1937) frå Stryn. Lærar og politikar.

Rasmus Flo

(1851–1905) frå Flo. Lærar, forlagsmann og ein av dei fremste i nynorsk målrørsle på slutten av 1800-talet.

Sigmund K. Aarnæs. (Foto © Fylkesarkivet)

Sigmund Kolbeinsson Aarnæs

(1851–1912) frå Oppstryn. Bonde, lensmann og politikar. Ordførar frå 1890, lensmann frå 1909. Hadde sentrale tillitsverv også på fylkesplan, og var Stortingsrepresentant 1900–1903 og frå 1906 til 1915.

Kolbein J. Guddal

(1851-1941), frå Oppstryn. Treskjerar.

Eilert Patric Juul

(1852-) frå Kristiansund, busett m.a. i Stryn og Aurland. Prest og skulestyrar.

Oskar Schøtt Revers

f. 1852, var sokneprest i Innvik 1894–1908. Før det hadde han 1876–1878 vore den første styraren på den nye Amtsskulen på Apalset i Gloppen.

Rasmus Kolbeinsson Bødal

(1854–1931), frå Loen. Utdanna ved lærarskulen på Stord, og slik kom han inn i gullgraving då det vart oppdaga gullårer på Bømlo.

Anders Hansen

- ein av dei store industribyggjarane i Nordfjord.

Mads Olson Andenæs

- sokneprest og stamfar til den kjende Andenæs-slekta i Oslo.

Anders J. Meland

frå Meland i Oppstryn. Kjend som ”Rokke-Anders”, fordi han dreia tusenvis av rokkar som vart selde i Nordfjord og Sunnfjord.

Rasmus Paulson Sindre

(1859–1908) frå Sindre. Bonde og Venstre-politikar.

Lars Nilsson Sølvberg

(1861-1910) frå Sølvberg, busett i Utvik. Byggmeister og arkitekt.

Knut A. Taraldset

(1862–1947) frå Innvik. Bonde, bankmann og politikar.

Rasmus L. Skaare

(1862–1928) frå Oppstryn. Bonde, fjellstovestyrar og politikar.

Wald P. Skaaden

(1862–1943) frå Innvik, vart ein av dei store industribyggjarane på Vestlandet.

Markus Loen

(1862–1927) frå Loen. Hotellgründer, Alexandra Hotell.

Jens R. Maurseth

(1863–1927) frå Markane. Fotograf og spelemann.

Thor Hjelle

(1863-1940) frå Oppstryn. Grunnla i 1894 Hjelle Hotell i Oppstryn.

Mathias Glomnes

(1863 - ? ) frå Stryn, busett i Oslo. Handelsmann og skyttarkonge.

Henrik Kaarstad

Henrik Kaarstad

(1865-1927) fødd i Utvik i Nordfjord. Grunnla Volda Lærarskule 1895 saman med cand. real. Stabell. Var styrar ved skulen til staten tok over 1924.

Jakob Åland

(1865-1950) frå Åland. Lærar, historikar og bygdebokforfattar.

Lars Bernhardus Sunde

(1865–1935) frå Stryn. Lærar som flytta til Tysnes i Hordaland og vart lensmann,ordførar, bankdirektør m.m. Vararepr. for Venstre på Stortinget 1913-1921.

Anders D. Hilde

(1866–1938) frå Innvik. Kjend rosemålar, som gjekk under tilnamnet ”Målar-Anders”. Forutan at han m.a. dekorerte husbunad i særeigen målarstil, dekorerte han også kyrkjene i Dale i Sunnfjord og Innvik.
Elling Reme

Elling Reme

(1866–1938) frå Innvik. Lærar som er kjend for å ha skrive "Nordfjordsongen" som fekk førstepris ved ei tevling: "...Signe den fyrste som Nordfjord fekk skoda, då han ned etter Tystigen kleiv..."

Rasmus Stauri

(1867–1932) frå Stryn, busett i Gudbrandsdalen. Folkehøgskulestyrar og forfattar.

Jon Fridtun

(1867–1914) frå Oppstryn. Målreisingsmann og skribent.

Rasmus Bruvoll

(1868–1945) frå Olden. Bonde, organisasjonsmann og politikar.

Rasmus A. G. Rustøen

(1868–1954) frå Oldedalen. Reisebyrå-pionér.

William H. Singer.

William Henry Singer jr.

(1868-1943), amerikansk biletkunstnar og millionærarving som slo seg ned i Olden, og gjorde mykje for Nordfjord.

Mathias E. Glomnes

(1869–1956) frå Oppstryn, busett i Oslo. Forretningsmann og meisterskyttar. Arbeidde som lærar i heimbygda før han flytta til Oslo i 1900 og vart kjøpmann og grosserar. Skyttarkonge to gonger.

Rasmus Jonsson Meland

(1869-1961). Prest og organisasjonsmann.

Anders Rasmussen Svarstad

(1870-1938), fødd i Ålesund, busett i Innvik og Lillehammer. Industribyggjar.

Peter Tenden

(1873-1946) frå Stryn. Hotelleigar.

Jens Ivarson Hilde

(1873–1950) frå Innvik. Smed og Arbeidarparti-politikar.

Anders O. Loen

(1874-1898), skipa ungdomslag i heimbygda Loen 1895, starta det handskrivne bygdebladet ”Kometen”. Gav ut på eige forlag ”Bygdesagn, Folketro og Skrøner” i 1893.

Lars Eliasson Søreide

(1874–1963) frå Hopland. Lærar, lokalhistorikar og språkgranskar.


Neste side:
· Kjende personar i Stryn fødde år 1875-1900
Førre side:
· Kjende personar i Stryn fødde år 1800-1850
Hovedside:
· Kjende personar i Stryn


MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no