SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Stryn fødde år 1900-1925

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 11.04.2002 10:46. Oppdatert 13.04.2007 14:14.
Førre side:
· Kjende personar i Stryn fødde år 1875-1900

Einar Elias Djuvstein

(1901–1944) frå Innvik. Lege og lungespesialist. Omkom då hurtigruteskipet ”Irma” ved eit mistak vart torpedert av norske MTB-ar ved Hustadvika den 13. februar 1944.

Olav B. Valaker

(1902-1964) frå Utvik. Kjend friidrettsmann frå mellomkrigstida, som m.a. tok bronsemedalje i høgdehopp i NM. Valaker var utruleg spenstig: Han hoppa kring 1,90 ved å springe rett på lista, utan bruk av saksestil eller dykkstil!
Olav A. Loen

Olav A. Loen

(1903–1984) frå Loen. Bonde og forfattar. Formann i Firda Ungdomslag 1950-1955, og gjorde opptakten til Årbok for Nordfjord i 1951. Redigerte årboka fram til 1979. Loen har ein stor og variert litterær produksjon. Skreiv mykje under pseudonymet ”Olav Alvheim”.

Einar Skarstein

(1903–1964) frå Olden. Bonde og politikar og organisasjonsmann.

Peder Gald

Peder Gald

(1904–1988) frå Blakset. Husmannsson som reiste til USA og utdanna seg som sjøoffiser. Han vart kalla av den amerikanske regjeringa til å byggje opp The Merchant Marine Academy på Long Island ved New York, og var styrar ved akademiet i mange år.

Sigvald Sølvberg

(1904-1974) frå Sølvberg. Skodespelar og instruktør, som m.a. hadde rolle på Det Norske Teatret og Nasjonalteatret, og i den populære filmen ”Laila”. Budde som pensjonist heime på Sølvberg.

Ingemunn Fænn

(1907-1988) frå Stryn. Redaktør og politikar.

Olaf Andenæs

(1907-1985) frå Innvik, busett i Stryn. Lege. Tuberkulosespesialist.

Rolf Myklebust

(1908-1990) frå Stryn. Musikar, og NRKs ”Folkemusikk-halvtime” personleg. Debuterte som fiolinist 1931.

Einar Kvamme

(1909–1987) frå Olden. Grunnleggjar av Kvamme Konfeksjon (sjå "Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero").

Dagny Fagerheim Nilsen

f. 1910 på Flo. Evangelist, som har gjeve ut fire romanar med religiøst innhald.

Erling Andenæs

Johs Andenæs
(1910-1992) frå Innvik, busett i Oslo. Ingeniør, entreprenør og motstandsmann.

Johannes Bratt Andenæs

(1912-2003) frå Innvik, busett i Bærum. Jussprofessor.

Knut Mork

(1912-1995) frå Oppstryn. Bonde og politikar.

Martin Flo

(1912–1942) frå Stryn. Handverkslærar og soldat. Hadde eksamen frå kunst- og handverksskule og småbrukslærarskule. Under 2. verdskrig rømde han på ski over til Sverige, og kom seg etter ei lang reise kringom i verda til England, der han gjekk inn i Kompani Linge. Han skulle delta i eit fallskjermslepp over Noreg då han den 2. april 1942 miste livet i ei trafikkulukke på veg til flyplassen.

Kolbjørn Bolstad

(1913–1944) frå Stryn. Vegarbeidar og soldat. Rømde til Shetland i 1941 og slutta seg til dei norske styrkane der. Deltok i kampane på Svalbard i 1943 og i den alllierte invasjonen av Finnmark vinteren 1944/1945. Fall i Billefjord den 7. februar 1945 då han vart skoten av tyskarar som hadde plassert seg i eit kyrkjetårn.

Ola T. Eide

f. 1913 i Olden. Bonde og Venstre-politikar. Leiande tillitsverv i fråhaldslag og ungdomslag, og formann i Nordfjord Sogelag. Politiske tillitsverv på kommune- og fylkesplan, og vararepr. på Stortinget 1965-1969.

Agnar Ulvedal

(1915-1998) frå Ulvedal i Stryn, busett i Leikanger, Oslo og Innvik. Politimann og motstandsmann under andre verdskrig.

Sigurd Nesdal

(1915-2002) frå Innvik, busett i Oslo. Ingeniør og forfattar.

Johannes Sunde

(1917–1975) frå Olden. Grunnleggjar av Sunde Konfeksjon (sjå "Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero").

Paul Svarstad

(1917–1999) bonde, redaktør og Høgre-politikar.

Per Olsson Faleide

(1917–1940) frå Faleide. Dampskipsekspeditør, sagbruksarbeidar, sjåfør og soldat. Tenestegjorde under kampane i Vestre Slidre i Valdres i april-dagane 1940 og fall den 28.april 1940.

Bergfinn Malvin Berge

(1918–1940) frå Stryn. Fyrbøtar og krigsseglar. Omkom då D/S ”Davanger” vart torpedert på veg frå Curacao til England den 11. oktober 1940.

Johan A. Berge

(1918–1940). Gardsarbeidar og soldat. Var ordonnans under kampane ved Høljerasten bru i Valdres i april-dagane 1940, og fall då han vart råka av ein granat den 24. april 1940.

Johannes Sæten

(1920–1946) frå Stryn. Fyrbøtar og krigsseglar. Var fyrbøtar på fleire skip under 2. verdskrig, tre av dei vart torpederte, men Sæten kom frå det med livet. Omkom då D/S ”Rama” gjekk på ei mine ved Henningsvær i Lofoten den 24. april 1946.

Rolv Muri

(1921–1992) frå Olden. Biletkunstnar.

Gudmund Johan Skrivervik

f. 1921 i Gloppen. Lærar i Stryn, og friidrettsmann. Har m.a. 7 gull frå veteran-VM og 9 gull frå veteran-EM. Sette som 85-åring verdsrekord for sin klasse i lengde med 3,77 meter under EM i 2006.

Leif Roksvåg

f. 1921, frå Nordmøre, busett i Stryn. Meierist og industribyggjar.

Wilhelm Bødal

(1922–1987) frå Loen. Lærar og forfattar. Har gjeve ut fleire romar og forteljingar, delvis med historisk tilsnitt. M.a. "I skuggen av Ramnefjell" 1968. Gav også ut to diktsamlingar.

Andreas R. Tonning

(1922–2002) frå Stryn, busett i Trondheim. Professor dr. techn.

Kaare Sunde

(1923–2005) frå Stryn, busett i Oslo og Utvik. Kunstmålar og grafikar.


Neste side:
· Kjende personar i Stryn fødde år 1925-1950
Førre side:
· Kjende personar i Stryn fødde år 1875-1900
Hovedside:
· Kjende personar i Stryn


MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no