SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Gaular:

Gaularfjellsvegen

Vegen over Gaularfjellet er vanlegvis vinterstengd. (Foto: Dag H. K. Andersen, NRK)
Vegen over Gaularfjellet er vanlegvis vinterstengd. (Foto: Dag H. K. Andersen, NRK)
Årleg vart det ført mellom 600 og 1000 hestar og bufe over Gaularfjellet til Sværefjorden i Sogn. I 1847 gjorde difor ordføraren i Sogndal, Fredrik Christian Juell, framlegg om at ein burde få vurdert å byggje veg over fjellet. I 1853 bad amtstinget om at det vart løyvd pengar til den første Gaularfjellsvegen, men fekk avslag frå Staten.

Publisert 23.04.2002 10:20. Oppdatert 10.06.2003 10:40.
Fredrik Chr. Juell foreslo vegen. (©Fylkesarkivet)
I 1933 kom Gaularfjellsvegen opp på nytt. Arbeidet starta i 1935 og mykje av anlegget vart utført som såkalla "naudsarbeid" for arbeidslause i dei harde 30-åra. Arbeidslause i hundretal freista å få arbeid på anlegget.

Vegen vart driven frå begge sider, og på Sogne-sida var det m.a., fleire arbeidslag frå Årdal, som var hardt råka av arbeidsløyse etter at Tyinfalla hadde trappa sterkt ned anleggsdrifta der (sjå Årdal: "Naudsarbeid"). Fleire av svingane på Sognesida har namn etter desse arbeidslaga frå indre.

Gaularfjellsvegen vart opna for trafikk i 1938. Høgste punktet på Gaularfjellsvegen ligg 748 m.o.h.

På endepunktet for vegen i Vetlefjorden vart det sett opp bilferge til Grinde i Leikanger kommune og til Balestrand. Denne ferga gjekk til 1956, då vegen frå Vetlefjorden og fram til det nye fergeleiet på Dragsvik var ferdig.

Vegen går i skarpe svingar opp fjellsida frå sognesida. (Foto: NRK)

MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no