SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Gaular:

Viksdalen kyrkje

Viksdalen kyrkje. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Viksdalen kyrkje. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Viksdalen kyrkje bygd 1848. Det er ikkje kjent kven som var arkitekt og byggmeister for kyrkja.

Publisert 23.04.2002 12:42. Oppdatert 06.06.2007 13:56.
Altartavla er frå 1620, altarbordet frå ca. 1600. Nattverdsutstyr, kalk og disk er frå 1620. Ein trearma lysestake er frå 1620. Preikestol og anna inventar er frå byggjeåret eller seinare. Den fyrste kyrkja i Viksdalen er nemnd i 1360. Den vart erstatta av ei kyrkje som stod
i åra frå 1620 til 1848, då den vart riven og erstatta med noverande kyrkje.

Kyrkjetømmeret vart flytta

Det vart ein bitter lokaliseringstrid i bygda då kyrkja skulle byggjast i 1620: Nokre ville ha den på Hagehojen, andre i Vika. Dei som stod sterkast, hogg kyrkjetømmeret og gjorde klart tomta på Hagehojen. Men då dei skulle til å byggje kyrkja, hadde tømmeret på uforklarleg vis flytta seg til Vika. Dette måtte det stå høgare makter bak, trudde folk, og torde ikkje anna enn å byggje i Vika. Liknande vandrehistorier om flytting av kyrkjetømmer finn ein m.a. i Selje og Kalvåg. – Les meir om desse under Bremanger og Selje kommunar.

Gravferd utan prest

Fram til 1775 høyrde Gaular til Holmedal prestegjeld. Presten, som budde i Holmedal, hadde ansvaret for det meste av bygdene kring Dalsfjorden. I Viksdalen hende det ikkje sjeldan at slektningar måtte gravleggje dei døde utan prest til stades. På første kyrkjesundag tok han så gravferdsseremonien. Var isen utrygg på Viksdalsvatnet, vart desse kyrkjehandlingane flytta ned til Hestadkyrkja. Kyrkjelyden i Viksdalen samla inn pengar og bygde kring 1900 ei lita hytte like ved kyrkja som presten kunne bruke til å byte klede etter ei lang reise opp dalen.

Steinkross på Bell

På garden Bell i Eldalsdalen står det ein gamal steinkross som ein ikkje kjenner alder og opphav til. Steinkrossen er sterkt skadd.

Inngangsportal i stein til kyrkja i Viksdalen. (Foto: Arild Nybø, NRK)

MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no