|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kyrkjer i Gaular: Bygstad kyrkje | (Foto: Arild Nybø © 2002) |
Dagens kyrkje i Bygstad stod opphaveleg på garden Bygstad, der det tidlegare hadde stått ei stavkyrkje frå 1200-talet. Publisert 23.04.2002 13:06. Oppdatert 06.06.2007 14:03.Arkitektar var H.D.F. Linstow og K.W. Esswendrop.
Bygstad kyrkje vart bygd i 1845, og mykje av materialane og innbuet frå gamlekyrkja vart nytta opp att. Altartavla og preikestolen er frå 1620, to altarlysestakar frå 1600-talet og ein toarma lysestake frå 1500-talet. Eit måleri som heng over koropninga, er frå ca. 1600 og er måla med bilete på begge sider. Anna utstyr i kyrkja er frå byggjeåret eller seinare. I Bergen Muséum finst messehakel m.a. med broderte helgenbilete frå 1400-talet, ein døypefont frå mellomalderen og eit lok til røykelseskar frå ca. 1200-talet, omgjort til lysestake ca. 1600-1700-talet.
Kyrkjeflytting og bygdestridRegn og lekkasjar tok etter kvart til å syne på kyrkja frå 1845, og den var skeiv. I 1916 vart det starta innsamling til ny kyrkje. No ville bygstadfolket ha ei større kyrkje som likna på dei i Førde og Naustdal. Til og med ei steinkyrkje vart lansert.
Men Riksantikvaren meinte det fekk halde å flytte den gamle kyrkja og gje den eit tilbygg, noko som soknestyret sette seg tvert imot.
Bygdefolket starta på nytt innsamling av pengar til ei ny kyrkje. Striden var så kvass at soknepresten måtte gå imellom: På eit folkemøte som han skipa til i 1938, støtta han planen til Riksantikvaren om å rive kyrkja og flytte den til Melluplassen under garden Eide. Han fekk 121 i møtelyden med seg, 79 røysta imot. I 1939 vart så Bygstad-kyrkja frå 1845 riven og flytta til Eide. Den gamle kyrkjegarden med restane etter kyrkjemuren på Bygstad gard er verna som kulturminne.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|