Gaular eitt av dei viktigaste sentra for tønneproduksjon til det store vårsildfisket på Sunnfjordkysten på 1800-talet.
er ein av dei fremste forretningsgründerane i Gaular. Han starta i 1872 landhandel heime på Lunde.
|
Bygstad Farveri kring 1900. (Foto © Fylkesarkivet) |
Bygstad Farveri
Mons Johnsen starta i 1876 fargeri i Bygstad. Han dreiv m.a. stampe ved fossen på Yndestad. Sonen Julius Johnsen tok over i 1922. Firmaet skifta namn til Bygstad Farveri og vart drive til 1952.
Jens L. Njøsen starta i 1898 landhandel på Reita i Bygstad. Seinare starta han både såpefabrikk og margarinfabrikk.
vart starta ca. 1905 på Sande av Mads Johannessen og Søren Haugland.
Olai Solemsli
starta i 1913 vognfabrikk og mekanisk verkstad i Osen. Verkstaden brann 1930, men vart bygd opp att. Sonen Gunnar Solemsli tok over i 1958 og dreiv m.a. bilverkstad.
Brødrene Fureli Snekkerverksted
Johannes Fureli starta i 1913 snekkarverkstad på Sande. Verkstaden vart i 1950 teken over av sønene Magnus og Jens Fureli, og fekk namnet Brødrene Fureli Snekkerverksted. Dei produserte dører, vindauge og kjøkeninnreiingar.
slo seg til på Sande, truleg på 1890-talet, der han bygde klesstampe som folk nytta for å mjukne stivt vadmelstøy.
Mads Skagen
og Leif Mikaelsen Sande starta i 1925 møbelsnekkeri på Sande. I 1932 overtok Mads Skagen åleine under firmanamn Skagen Møbelverksted. I tillegg til møbelproduksjon, dreiv han også som salmakar. Verksemda heldt til i ungdomshuskjellaren på Sande, og vart nedlagd nokre år etter kirgen.
Skagen Møbelverkstad
- sjå Mads Skagen, 1925.
Bygstad Maling- og Billakkeringsverksted
vart starta i 1934 av Sigvald Fauske. I tillegg til vanleg måling og billakkering, dreiv han også skiltmåling og dekorasjonsmåling.
Mons Heggernes
starta smie og mekanisk verkstad i Bygstad i 1935. Verksemda produserte m.a. sledar og vogner.
Brødrene Kvamme ski- og møbelforretning i Bygstad vart starta i 1936 av Anders og Nils A. Kvamme.
Viksdalen Trevarefabrikk
vart bygd av Georg Ness ved Bellfossen i Eldalen like etter 2. verdskrig. Han laga m.a. vevstolar. Seinare vart verksemda flytta til Hage.
Yndestad Mekaniske Verkstad
|
Yndestad Mek. Verkstad. |
i Bygstad vart starta i 1965 av Roald Yndestad. Verksemda vart bygd opp på produksjon av traktorskuffer, men har i dei seinare åra gått over til variert plate- og sveiseproduksjon. Hadde i 2001 seks tilsette og ei omsetning på sju millionar kroner.
vart starta på Bjørvikstranda i 1981 av Odd Birkeland.
Bjørvikstranda Trevare
vart starta i 1997 av Arvid Bjørvik. Verksemda har seks tilsette og har spesialisert seg på skipsmøblar. Verksemda har leveransar til
Maritime Montering AS si avdeling i Molde.
på Sande vart starta i 1998 av Petter Myrmel og Ingvard Lundekvam.