|
Sunnfjord Sag. Foto: Per Kjetil Eide. Frå Dalsfjordboka |
Dei eldste sagbruka
Så tidleg som i 1587 var det registrert 7 sager i nedre del av Gaular. I 1723 er talet kome opp i 40 sager, og 7 av dei finn vi i Viksdalen. Dei fleste av desse må ha vore svært små sagbruk som berre skar til lokalt bruk.
Den einaste større saga frå 1700-talet var saga ved Osfossen, der det var tilsett eigen sagmeister frå Bergen, og kring 1740 vart det skore 1200 bord årleg på Osen-saga. På 1860-talet vart dei første 12 sirkelsagene bygde. Dette var til stor hjelp for tønneproduksjonen (sjå "
Tønneproduksjonen i Gaular") som utvikla seg som ei stor bygdenæring i Gaular på denne tida. Den første sirkelsaga vart bygd på Hestad i 1862. Ei gamal sag på Selstad ved Sande vart restaurert i 1996.
Nitter Leirvik og Jens Søgnen
pakta på 1890-talet Leirvik-garden i Osen og dreiv handel, sagbruk og mølle. Ludvig Nistad tok over butikken i 1916, og dreiv til 1930-talet.
Hauken Sag og Høvleri
Gerhard Hauken bygde sagbruk i Reveholmane ved Eikeland i 1938. Han bygde eit lite kraftverk som dreiv maskinene og, som samstundes leverte straum til nabolaget. I tillegg til leigesaging og sal av skurlast, produserte han dei første åra også vassrøyr av tre. I 1981 vart verksemda omorganisert til Hauken Sag og Høvleri AS.
vart bygd på Vollen i Osen i 1976 etter opptak frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag.