På mest kvar einaste gard i kommunen vart det produsert tønner, og mange bygde større tønnefabrikkar med fleire tilsette. Men tønneproduksjonen i desse bygdene hadde lange tradisjonar attende - minst til 1700-talet. I 1753 fekk bøndene høve til å produsere tønner for sal.
På dei fleste gardar i Gaular kan ein framleis finne reidskapar som stammar frå bøkkertida.
Tønner vart i stor mon nytta som betalingsmiddel, som byte for varer, og vart kalla "trepengar".
Stor etterpurnad etter trevirke
Tønneproduksjonen førte til sterk avvirking av fin fureskog, og både i Fjaler og Gaular vart det innført restriksjonar på skogshogsten. Mange av bøkkerane måtte difor kjøpe tønnestav frå Sogn, og enkelte var jamvel på "tønnestavhandel" heilt til Voss og Ryfylke.
Åtte tønner dagleg
|
Tønnefabrikk på Kviteneset i 1913. (Foto © Fylkesarkivet) |
På 1860-talet vart det årleg produsert kring 20.000 tønner i Gaular. I gjennomsnitt greidde ein mann å produsere 8 tønner dagleg. Det var gode pengar å tene på tønneproduksjon, og enkelte pakta bort garden for å kunne ha bøkring som einaste leveveg. Desto større vart problema då silda brått svikta kring 1870.