SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gaular:

Tønnefabrikkane i Gaular

Tønnefabrikk på Kviteneset i 1913. (Foto © Fylkesarkivet)
Tønnefabrikk på Kviteneset i 1913. (Foto © Fylkesarkivet)

Førre side:
Tønneproduksjonen i Gaular

Kring 1900 tok bøkringa seg opp att, og i 1909 er det registrert fem tønnefabrikkar.

Publisert 25.04.2002 10:44. Oppdatert 20.11.2006 14:37.
Tida under 1. verdskrig vart gullalderen, og i 1918 vart det registrert 13 tønnefabrikkar i kommunen: K & I. Berge, Johan Bjørvik, Arne Indrefjord, J.L. Njøsen, O.A. Lunde, L.M. Nistad, H.A. Kvamme, Lars B. Kapstad, Aksel L. Kapstad, Peder B. Kapstad og Halvor Leirvik. Desse fabrikkane låg på Bjørvikstranda, kring fjorden i Bygstad oppover til Sygna.
Frakt av tønner. Foto utlånt av Mads Halsnes. Frå Dalsfjordboka

Bygstad var senter for tønneproduksjonen, og 12 føringsskuter kunne liggje i bygda samstundes og laste tønner.
I tillegg dreiv R. Grønhaug kjøp og vidaresal frå enkeltprodusentar. I denne tida var kring 100 personar sysselsette i tønneproduksjonen. Krigs- og jobbetida gjorde at det vart betalt opptil 12-13 kroner for ei heil tønne. På den tida tilsvarte det eit par dagsløner, og greidde ein t.d. ved "heimeproduksjon" 8 tønner dagleg, vart det svært god forteneste.

Krakk og avvikling

Etter 1. verdskrig kom krakket. Ein stor del av tønneverkstadane i Gaular vart lagde ned tidleg på 1920-talet. To av dei store, Johan Bjørvik og Peder B. Kapstad, reiste til Vestfold og byrja som gardbrukarar der i staden.

Tønneproduksjonen tok seg opp att midt på 1930-talet, då det var 6 fabrikkar i Bygstad. Tønnene gjekk mykje til sildefisket ved Island. Vintersildåra på 1950-talet vart nye, gode år. Då var mellom 50 og 60 personar sysselsette på fabrikkane til Per Kårstad, O.A. Lunde, K & I. Berge, Mads Kapstad, Georg Hestad og Ola Kapstad. Fleire av desse dreiv heilt fram på 1970-talet. I dag er all produksjon av tretønner lagt ned i Sogn og Fjordane.

Nokre av tønnefabrikantane:

Gründeren O. A. Lunde


Mathias M. Øvrebø

starta i 1912 landhandel og tønnefabrikk i Osen, og flytta i 1936 til Bygstad. Han hadde dampskipsekspedisjonen og dreiv også handel med fisk og sild i tillegg til tønneproduksjonen. Då Mathias døydde, dreiv kona Silla verksemda, til sonen Mathias Øvrebø tok over. Verksemda vert framleis driven av familien i 2002.

Njøsens margarin- og såpefabrikkar

- starta også tønnefabrikk.

Anders Eidevik

starta som bøkker i Bygstad i 1914. Sonen Johan tok over i 1940 og bygde opp ei verksemd med 4 tilsette. Han hadde vervet som såkalla "stavmålar" for Norges Tønnestavmåling, som kontrollerte at tønner heldt dei rette måla slik at tønnene fekk standard storleik.

Johanne Øvrebø

starta i 1937 landhandel i Osen. I tillegg til handel, dreiv firmaet tønneproduksjon og sysselsette 5 personar.

Per Kårstad

starta landhandel i Bygstad i 1937 med spesialitet på dame-og herrekonfeksjon. Han produserte også tønner, og spesialiteten var såkalla "syltedunkar". I sesongen kunne han ha 15 mann i arbeid.

Ola Kapstad

starta tønnefabrikk i Bygstad i 1938. Han leverte tønner både til fiskeri og saftprodusentar og hadde 6 personar i arbeid.

Sjå meir under:
· Landhandlar i Gaular
· Fabrikkar og verkstader i Gaular
Hovedside:
· Industri og næring i Gaular


MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no