SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gaular:

Fornminne i Gaular

I dette oversynet er berre dei største funna med:

Publisert 25.04.2002 13:35. Oppdatert 16.05.2002 10:54.

Klebersteinsbrot

Sør for Øynastølen ved Haukedalsvatnet er det tydelege merke i fjellet etter eit klebersteinbrot der folk i eldre tider har hakka ut kokekar i kleber. Nokre uferdige emne står fast i fjellet.

Bautastein og gravrøyser på Følling

På Følling er det funne ein bautastein og to gravhaugar frå 800-talet, kalla "Bygdahogane". Haugane inneheldt manns- og kvinnegraver med våpen, rideutstyr gards- og husreidskapar.

Gravhaugar på Hellebust

På Hellebust låg det fleire gravhaugar frå 900- og 1000-talet. Forutan våpen og rideutstyr, vart det også funne restar av ei bronsevekt.

Mannsgraver i Viken

I Viken er det funne fleire mannsgraver frå 500-1000-talet med våpen og gardsreidskapar, og ei mosaikkperle frå yngre jernalder.

Funn på Nes

På Nes er det gjort fleire lausfunn av flintreidskap frå yngre steinalder.

Mannsgraver på Åsberg

På Åsberg, Sande, vart det i fleire mannsgraver frå 900- og 1000-talet funne mange våpen og ein del restar frå seletøy.

Funn på Osen gard

Glasperler frå vikingtida funne på Osen gard.
Osen gard er det i 2001 gjort sjeldne funn etter ein gard frå bronsealderen. Tidlegare er det m.a. gjort funn av fuglenål i bronse og eit svært spesielt blykors med runeskrift frå 500- og 600-talet. Krossen vart funnen på toppen av ei heidensk grav, men runeskrifta inneheld deler av den kristne bøna "Fader vår".

Gravhaugar på Korsvoll

På Korsvoll har det vore fire gravhaugar, ein med bautastein. Her er det funne manns- og kvinnegrav m.a. med perler, ullkam, steikepanne, ause, våpen og gardsreidskapar frå vikingtida.

Gravhaugar i Bygstad

I Bygstad er det på Tussehåjen og Bygdahåjen funne restar etter tre gravhaugar frå vikingtida. I ei mannsgrav fann ein m.a. ein nøkkel, ei skålvekt i bronse og ymse reidskapar.

MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no