|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Gaular - Osen gard: Futen vert eigar av Osen gard | (Foto: NRK) |
I 1740-åra får den mektige futen på Svanøy, Hans Thiis Nagel hand om Osen med tilliggjande gardar. Han driv Osen med paktar dei første åra, men skøyter i 1750 Osen med 12 tilhøyrande gardar over til svigersonen, kaptein Friedrich von Storm. Publisert 26.04.2002 09:24. Oppdatert 13.09.2002 15:13.LYD OG VIDEO
Von Storm var gift med ei av døtrene til Svanøy-futen, som elles skaffa "godt gifte" til dei to andre døtrene sine i den rike kjøpsmannsslekta Tonning i Stryn (sjå Tonning handelsstad), og med sorenskrivar Hans Arentz i Dale.
Storm tek over på nyEigedomen vart i 1759 delt i tre, men vart etter nokre år igjen samla i Storm-familien. Sonen Ulrich von Storm tok over Osen og eigde den fram til den vart prestegard i 1821. Det skjedde då presten Jens Rennord fekk testamentert Osen frå onkelen Ulrich Storm, og fekk etter søknad flytte ned frå Sande til Osen. Storm-slekta fekk ordna med privat gravplass på garden. Den kan framleis sjåast like ved riksvegen mot Dale.
| Dette huset frå 1820 står no på Yksnebjør i Dale, men vart opphaveleg bygt i Osen som hus for Ulrich von Storm etter at Rennord kjøpte garden. Storm døydde før huset vart ferdig. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
I Mo-familien sidan 1880 | (Foto: Steinar Lote, NRK) |
Det var Jens Rennord som bygde det staselege hovudhuset på garden i 1822. Han bygde også ei tingstove på garden. Rennord vart prost i Sunnfjord til 1846. Han var også første ordførar i Gaular, og sonen Ludvig "arva" seinare ordførarvervet etter faren.
Etter Ludvig Rennord eigde Jan Dregebø Osen gard i to år før Ola Kristiansen Mo kjøpte den i 1880. Sidan har Osen gard tilhøyrt familien Mo - med unntak av "Rennord-huset" og lakseretten.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|