SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gaular:

Laksefisket under Osfossen

Laksefiskar ved Osfossen. (Foto: Randi Indrebø, NRK)
Laksefiskar ved Osfossen. (Foto: Randi Indrebø, NRK)

Irlendaren Potts

Laksefisket i den store hølen under Osfossen ved utløpet av Gaula er ein av dei mest verdfulle i landet, og ein av dei første fiskehølane som engelske "lakselordar" kasta sine auge på då dei starta sportsfiske i Noreg midt på 1800-talet (sjå "Engelskmennene kjem til Lærdalselvi").

Publisert 26.04.2002 09:53. Oppdatert 05.12.2006 13:25.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Laksetrappa i Osfossen tidleg på 1900-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
I 1870 vart den første laksetrappa i Noreg bygd på sørsida av Osfossen, slik at Gaula vart lakseførande forbi Sande. Det var den irske laksefiskaren William T. Potts som konstruerte trappa saman med fiskerikonsulent Carl Bruun. Den har stått uendra sidan, og er framleis ei av dei mest vellukka laksetrappene i landet.

Over til Gran, Wallendahl og Odfjell

I 1878 kjøpte Potts Osen gard, men då han selde garden til Mo-familien i 1896, vart lakseretten skilt ut saman med hovudhuset på garden og selt til advokat Johan Gran og grosserar Aug. Wallendahl i Bergen. Dei skipa eigedomsselskapet "Aktieselskabet Osen" for eigedomane sine der. Wallendahl var grunnleggjar av det store handelshuset med same namn i Bergen. Gran vart ein av dei store "fossekjøparane" i Sogn og Fjordane kring hundreårsskiftet (sjå "Fossekjøparane i Høyanger").

Frå 1919 til 1934 eigde skipsreiarane Abraham og Andreas Odfjell i Bergen lakserett og hovudhus.

Fiske i Gaula tidleg på 1900-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Lakseretten og eigedomsretten til det staselege "Rennord-huset" midt i gardstunet skifta på nytt eigar i 1934, då Dekke-familien tok kontroll, og vart gjennom slektskap overteke av Stamer-familien i i 1947. I dag er lakserettar og hus disponert av Else-Beth Stamer i Drammen. Fiskeretten har vore leigd ut til Årdal og Sunndal Verk, seinare Norsk Hydro etter fusjonen med ÅSV i 1986.

"A river of Norway"

Frå 1897 til 1931 disponerte engelskmannen Sir Charles Thomas-Stanford (d. 1932) laksefisket. Han kjøpte seinare fleire lakserettar oppover elva. I 1903 skreiv han boka "A river of Norway" der han skildrar laksefisket i Gaula og folkelivet kring elva. Kona hans Ellen, Lady Thomas-Stanford (d. 1932), var ein ivrig fotograf, og nytta ferietida i Osen til å fotografere. Denne fotosamlinga vart kopiert på 1990-talet og henta heim att til Osen.
Charles Thomas-Standford og kleppar Anders Olsson Furnes. Foto utlånt av Ragnhild-Lise Korsvoll

Thomas-Stanford fekk i 1909 bygd seg eit eige hus på Leirvik-garden på Nordsida av Osfossen, og hjelpte også til då gardbrukaren der, Halvor Leirvik, i 1912 bygde eit lite kraftverk under fossen.
Fiskeretten på nordsida av Osfossen leiger Statoil av bonde Halvor Leirvik. Fiskarane på denne sida bur i ein bungalow som i 1972 vart bygd der huset til Thomas-Stanford låg.

Fram til 2006, då det vart skipa eit felles grunneigarlag for den lakseførande delen av Gaula, hadde det vore to grunneigarlag.
Planen for laksetrappa i Osfossen. Frå boka "A river of Norway"

Hovedside:
· Osen gard


MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no